Jakob Stålsson Velle
Jakob Stålsson Velle | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. april 1805 Beitstad |
Død | |
Yrke | politikar, bonde, lærar |
Språk | norsk |
Jakob Stålsson Velle (Jacob Staalesen Velde) (18. april 1805–14. juli 1877) var ein norsk lærar, gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Beitstad i Nord-Trøndelag.
Velle var son av ein gardbrukar i Beitstad. Sjølv vart skulehaldar i omgangsskule frå 1821, frå 1831 til 1875 lærar i fastskule. Han kjøpte garden Nedre Velle i Beitstad og dreiv denne sidan.
Velle var medlem av det fyrste heradsstyret i Beitstad, han var ordførar i til saman 20 år i tida mellom 1837 og 1867. Han var forlikskommissær frå 1851 og i tida frå 1838 til 1876 var han valmann til alle stortingsval, på to nær.
Han vart sjølv kåra til stortingsmann for Nordre Trondhjems amt, og møtte på Stortinget 1848-54 og 1868-73. I 1848 var han medlem av desisjonskomiteen og adressekomiteen, heldt fram i desisjonskomiteen i 1851 og 1854. 1868-69 og 1871-73 var han medlem av Lagtinget og konstitusjonskomiteen, 1872-73 som sekretær i konstitusjonskomiteen.
Velle døydde 1877 på garden sin i Beitstad.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Jakob Stålsson Velle NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1805
- Døde i 1877
- Stortingsrepresentantar 1848-1850
- Stortingsrepresentantar 1851-1853
- Stortingsrepresentantar 1854-1856
- Stortingsrepresentantar 1868-1870
- Stortingsrepresentantar 1871-1873
- Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag
- Ordførarar i Beitstad
- Norske lærarar
- Norske gardbrukarar
- Folk frå Steinkjer