Jacob Brevig
Utsjånad
Jacob Brevig | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. desember 1864 Enebakk |
Død |
31. august 1949 (84 år) |
Yrke | politikar, bonde |
Språk | norsk |
Politisk parti | Samlingspartiet, Frisindede Venstre |
Jacob Brevig (27. desember 1864–31. august 1949) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Enebakk.
Brevig tok over farsgarden i 1897 og dreiv denne. Han var medlem av heradsstyret frå 1897, ordførar i Enebakk frå 1899 til 1910 og frå 1914 til 1925. Elles var han med i forlikskommisjonen og i styringa av den lokale sparebanken. Brevig var også stortingsrepresentant for Romerike og for Samlingspartiet 1907-12, deretter for Akershus og Frisinna Venstre 1922-24. Han var medlem av gasje- og pensjonskomiteen i 1906-09 og budsjettkomiteen 1910-12.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Jacob Brevig NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv