Hopp til innhald

Jørpeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørpeland
tettstad

Foto: Jarle Vines

Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Strand
Areal 4,18 km²
Folketal 7 534  (2023)
Folketettleik 1 802 / km²
Postnummer 4100 JØRPELAND
Preposisjon Jørpeland
Kart
Jørpeland
59°01′00″N 6°03′00″E / 59.01666667°N 6.05°E / 59.01666667; 6.05
Wikimedia Commons: Jørpeland

Jørpeland er ein by og administrasjonssenteret i Strand kommune i Rogaland fylke. Jørpeland har 7 534 innbyggjarar per 1. januar 2023, og fekk bystatus den 1. april 1998.

Lokale attraksjonar

[endre | endre wikiteksten]

Jørpelands Brug

[endre | endre wikiteksten]

Inst i Vågen i Jørpeland ligg Jørpelands Brug i eit bygg frå 1883. Frå starten var det ein møbel- og trevarefabrikk i huset, men det har vorte bygd om til selskapslokale og historisk utstilling.

Preikestolen Golfklubb

[endre | endre wikiteksten]

Den lokale golfklubben Preikestolen Golfklubb har ein golfbane med ni hòl like ved Preikestolen. Næraste store by er Stavanger, som ein kjem til ferjesamband frå Tau i Ryfylke eller Oanes.

Galleri Skjæveland

[endre | endre wikiteksten]

Galleriet viser skiftande utstillingar med etablerte kunstnarar. Kunstgalleriet vert drive av den figurative målaren Stian Heimlund Skjæveland.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]