Ivan Gašparovič
Ivan Gašparovič | |||
| |||
Fødd | 27. mars 1941 (83 år) Poltár | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Tsjekkoslovakia, Slovakia | ||
Parti | Det tsjekkoslovakiske kommunistpartiet (1968; august 1968) | ||
Yrke | politikar, lærar, pedagog | ||
Institusjonar | Comeniusuniversitetet i Bratislava | ||
Utdanna ved | juridisk fakultet ved Comenius-universitetet i Bratislava | ||
Ektefelle | Silvia Gašparovičová | ||
Alle verv |
Ivan Gašparovič (fødd 27. mars 1941) er ein slovakisk jurist og politikar som var president i Slovakia frå 15. juni 2004 til 15. juni 2014.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Gašparovič melde seg inn i det tsjekkoslovakiske kommunistpartiet under Prahavåren i 1968 og støtta reformene til Aleksander Dubček. Etter Warszawapakta sin innmarsj i Tsjekkoslovakia i august 1968, vart Gašparovič ekskludert av partiet.[1]
Han var riksadvokat i Tsjekkoslovakia frå 1990 til 1992, utnemnt av Václav Havel, men gjekk over i politikken for det populistiske partiet HZDS. Gašparovič var medlem av den slovakiske nasjonalforsamlinga frå 1992 til 2002, der han var formann i perioden mellom 1993 og 1998.[1]
I 2003 valte Gašparovič å forlata tidlegare president Vladimír Mečiar sitt nasjonalistiske parti Hnutie za demokratické Slovensko (Rørsla for eit demokratisk Slovakia), han skipa dinest sitt eige parti, Hnutie za demokraciu (Rørsla for demokrati), men dette kom ikkje inn i nasjonalforsamlinga.[1]
Då Gašparović stilte til val som president i 2004, fekk han 22 % av røystene ved valet og gjekk vidare til annan valomgang, der han slo ut sin tidlegare partifelle Vladimír Mečiar. Gašparovič fekk 60 % av røystene. Ein vesentleg årsak til valsigeren var uro for Mečiar sin autoritære leiarstil og nasjonalistiske haldningar.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Holm-Hansen, Jørn: Ivan Gašparovič i Store norske leksikon på snl.no. Henta 25. mars 2024.