Itsjinskij
Itsjinskij | |||
fjell | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Område | Kamtsjatka | ||
Fjelltype | Stratovulkan | ||
Fjellkjede | Sredinnyjfjella | ||
Høgd | 3 621 moh. | ||
Primærfaktor | 3 125 m m | ||
Bergartar frå | Pleistocen–holocen | ||
Siste utbrot | 1740 | ||
Koordinatar | 55°41′N 157°44′E / 55.68°N 157.73°E | ||
Itsjinskij 55°40′40″N 157°43′18″E / 55.677777777778°N 157.72166666667°E | |||
Wikimedia Commons: Ichensky Volcano |
Itsjinskij (russisk Ичинский eller Ичинская сопка, Itsjinskaja sopka) er ein stor stratovulkan som ligg sentralt på Kamtsjatkahalvøya i Russland. Han er den klart høgaste toppen i Sredinnyjfjella, den sentrale fjellkjeda på halvøya. Itsjinsky er av dei største vulkanane på Kamtsjatka med eit volum på om lag 450 kubikkilometer.
På toppen av vulkanen ligg ein 3 x 5 km stor kaldera, og inne i denne to lavadomar som er dei høgaste toppane. Heile toppområdet er dekt av ein stor isbre og fleire store isbrear går ned sidene av vulkanen. Det er fleire fumaroler i kalderaen.
Fleire dasitt- og rhyodasittdomar ligg på sidene av vulkanen nedanfor kanten på krateret. Basaltiske og dasittiske lavastraumar dannar dei nedre flankane, nokre av dei opp mot 10-15 km lange.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ichinsky» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Smithsonian Institution Global Volcanism Program: Itsjinskij
- Vulkanologi- og seismologiinstituttet på Kamtsjatka
- Svjatlovskij , A. E. (1959). Aтлас Вулканов СССР / Atlas over vulkanar i Sovjetunionen. Moskva: Izd-vo Akademii nauk SSSR. s. 176. (på russisk )
- Fedotov , S. A.; Ju. P. Masurenkov, red. (1991). Действующие Вулканы Камчатки / Aktive vulkanar på Kamtsjatka (på russisk). Moskva: Izd-vo Nauka. s. Vol. 1, 304 s. og Vol. 2, 416. ISBN 5020033774.