Italiensk lire
Italiensk lire (eintal lira) var den offisielle mynteininga i Italia fram til 1. januar 1999, då den vart bytta ut med euro (euromyntar og setlar vart ikkje introdusert før i 2002).
Vatikanstaten
[endre | endre wikiteksten]Vatikansk lira var den offisielle myntenheininga i Vatikanstaten. Vatikanske lire var verd det same som den italienske lira på etter avtale mellom Italia og Vatikanstaten. Italienske myntar og setlar var gangbar valuta i Vatikanstaten. Spesielle vatikanske myntar vart laga i Roma. Desse var òg gangbare i Italia og San Marino.
Vatikanstaten skifta til euro samstundes med Italia. Som med vatikanske lire, har Vatikanstaten sine eigne euro-myntar.
San Marino
[endre | endre wikiteksten]San Marino-lire var den offisielle mynteininga i San Marino. Sanmarinoliren var verd det same som italienske lire etter avtale mellom Italia og San Marino. Italienske myntar og setlar var gangbar valuta i San Marino, så vel som vatikanske lire. Òg spesielle San Marino-mynter vart laga i Roma. Desse var òg gangbare i Italia og Vatikanstaten.
San Marino skifta òg til euro slik som Italia og Vatikanstaten gjorde i 1999. Og som med vatikanske lire har San Marino eigne euro-myntar.