Inta
Utsjånad
Inta Инта | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Republikken Komi | ||
Grunnlagd Bystatus |
1940 1954 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
35 240 | ||
Koordinatar | 66°02′N 60°08′E / 66.033°N 60.133°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | +7 82145 | ||
Bilnummer | 11 | ||
Nettstad: www.intakomi.ru |
Inta (russisk Инта́) er ein by i republikken Komi i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg 700 km nordaust for Syktyvkar. I sovjettida låg det ein Gulag-leir her.
Under byen finst store førekomstar av kol og den første busetnaden var ei gruppe geologar som kom hit i 1940. Den andre verdskrigen skapte eit prekært behov for energi og gruveindustrien vart utvikla i rekordfart. Det same gjaldt den nye jernbanelinja som gjekk via Inta til Vorkuta. Alti 1943 gjekk dei første toga med kol til den omleira Leningrad. Bystatus kom i 1954. Namnet «Inta» kjem frå elva Inta som renn gjennom byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Inta» frå Wikipedia på bokmål, den 4. februar 2009.
Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.