Insula Mare a Brăilei
Insula Mare a Brăilei | |||
øy | |||
Land | Romania | ||
---|---|---|---|
Areal | 710 km² | ||
Folketal | 5 000 | ||
Insula Mare a Brăilei 45°01′18″N 28°02′57″E / 45.0217°N 28.0492°E |
Insula Mare a Brăilei (tidlegare Balta Mare a Brăilei) er ei øy i Donau i Brăila fylke i Romania. Ho er om lag 60 km lang og 20 km brei. Dei to elvegreinene som skil øya frå fastlandet heiter Măcin og Cremenea.
I dag er eit areal på 681,3 km² (94,6 % av arealet til øya) dekt av dyrka mark, der 70,84 km² er kunstig vatna og verna av eit 23,5 km langt dike. På øya er det to kommunar, Frecăței og Mărașu, som har om lag 5000 innbyggjarar.
Øya var tidlegare dekt av myrområde før kommunistregimet i Romania nytta tvangsarbeid og politiske fangar til å byggje dika og omforme øya til eit jordbruksområde. Det var fem «arbeidsleirar» ved Grădina, Lunca, Salcia, Stoienești og Strâmba Veche. Terrenget viste seg å vere dyrkbart og prosjektet vart erklært «ein suksess for kommunismen i Romania».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Great Brăila Island» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juni 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Ediție Specială, 26. juli 2005 (del 1) Arkivert 2007-03-10 ved Wayback Machine., (del 2) Arkivert 2007-03-10 ved Wayback Machine.
- Jurnalul Național, 4. august 2005, Bărăganul dintre brațele Dunării Arkivert 2005-12-02 ved Wayback Machine.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: