Infraraud astronomi
Infraraud astronomi er ei grein innan astronomi og astrofysikk som studerer himmellekamar som er synlege i infraraud stråling (IR). Bølgjelengda til infraraudt lys varierer frå 0,75 til 3,0 mikrometer. Infraraudt lys ligg mellom synleg lys og submillimeter-bølgjer.
Den infraraude astronomien byrja i 1830-åra, få tiår etter William Herschel oppdaga infraraudt lys i 1800. I starten gjekk utviklinga seint, og det var først tidleg på 1900-talet at ein definitivt fann andre himmellekamar enn sola og månen i infraraudt lys. Etter fleire oppdagingar i 1950- og 1960-åra innan radioastronomi, forstod, astronomane mengda informasjon som fanst utafor synlege bølgjelengder, og moderne infraraud astronomi vart grunnlagd.
Infraraud og optisk astronomi vert ofte praktisert med dei same teleskopa, dei same speglane eller linsene.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Infrared astronomy» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juni 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Caltech IR Arkivert 2020-05-25 ved Wayback Machine.
- Infrared Science Archive