Immanuels kyrkje
Immanuels kyrkje | |||
kyrkje | |||
Immanuels kyrkje
Foto: Siri Johannessen | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Borg | ||
Prosti | Søndre Borgesyssel | ||
Sokn | Halden | ||
Fellesråd | Halden | ||
Type | Krosskyrkje | ||
Periode | Seinempire | ||
Arkitekt | Christian H. Grosch | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Stein | ||
Innvigd | 1833 | ||
Kyrkjegard | Ved Os kapell, 1 km unna | ||
Preikestol | I tre, av Chr.H. Grosch | ||
Døypefont | I støypejern, av Chr.H. Grosch | ||
Altartavle | Kristusfigur frå 1833 av Johan Niclas Byström | ||
Sitjeplassar | 900 | ||
Immanuels kyrkje 59°07′16″N 11°23′28″E / 59.12117111°N 11.39101389°E | |||
Wikimedia Commons: Immanuels kirke (Halden) |
Immanuels kyrkje er ei krosskyrkje frå 1833 i Halden kommune i Østfold fylke. Bygginga tok til i 1828 etter teikningar av Christian H. Grosch. Kyrkja ligg sentralt i Halden sentrum.
Kyrkja er i oppført tegl og har 900 plassar. Stilen er seinempire. Dåverande riksantikvar Nils Marstein har kalla Immanuelskyrkja i Halden for det viktigaste enkeltmonumentet blant dei mange kyrkjebygga til Grosch. Vidare har han omtala kyrkja som «empirens sakrale hovedverk i Norge».[1]
Inventar
[endre | endre wikiteksten]Altaret har ein Kristusfigur frå 1833 utført av Johan Niclas Byström. Preikestolen er av tre og er teikna av arkitekten. Også døypefonten er av Grosch. Han er laga av støypejern.
Det er fem lysekroner i kyrkja, alle frå 1837. Kyrkja har ein del eldre kyrkjesølv, blant anna ei vinkanne frå 1707 og ein kalk med disk og lokk frå 1739.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Nils Marstein, kronikk i Aftenposten, 3. mai 2001. Arkivert 2012-05-27 ved Archive.is Besøksdato: 16. juli 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Immanuels kirke» frå Wikipedia på bokmål, den 21. juli 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Christie, Sigrid og Håkon (1959). Norges kirker. Østfold II. Oslo: Riksantivariatet / Land og Kirke. s. 103-113.
- Skauge, Inger Lise og Stumberg, Kari (2010). Kirker og kirkegårder i Halden. Lokale kulturskatter. H. Andersen Bok- og papirhadel. s. 96-131. ISBN 978-82-91129-13-6.
- Eldal, Jens Christian og Havran, Jiri (2002). Kirker i Norge, bind 3: Med historiske forbilder. 1800-tallet. Oslo: ARFO. s. 78-81. ISBN 82-91399-11-5.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 683. ISBN 82-75-27022-7.
- Kyrkjesøk – Immanuels kirke Arkivert 2014-03-27 ved Wayback Machine.
- Lokalhistoriewiki – Immanuels kirke
- Artemisia.no – Immanuels kirke
- Immanuels kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren