Hopp til innhald

Imbaburaprovinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Imbabura
provins
Flagg
Land  Ecuador
Hovudstad Ibarra
Areal 4 712,37 km²
Folketal 469 879 (2022)[1]
Språk spansk
Kart
Imbaburaprovinsen
0°28′00″N 78°23′00″W / 0.46666666666667°N 78.383333333333°W / 0.46666666666667; -78.383333333333
Kart som viser Imbaburaprovinsen.
Kart som viser Imbaburaprovinsen.
Kart som viser Imbaburaprovinsen.
Wikimedia Commons: Imbabura Province

Imbabura (spansk uttale: [imbaˈβuɾa]) er ein provins som ligg i Andesfjella i La Sierra-regionen, høglandet i Nord-Ecuador. Han grensar mot Carchi i nord, Sucumbíos i aust, mot Pichincha i sør, og mot Esmeraldas i vest. Hovudstaden er Ibarra. Folket i provinsen snakkar spansk, og ein stor del av folkesetnaden snakkar også kichwa-varianten av quechuaspråket.

Toppen av vulkanen Cotacachi har ei høgd av 4 944 moh. er 15 kilometernordaust for byen Cotacachi. Vulkanen ligg i det store Cotacachi Cayapas Ecological Reserve. Vulkanen Imbabura, 4 609 moh, ligg også i provinsen.

Provinsen er delt inn i 6 kantonar, den mest folkerike kantonen er Ibarrakantonen i nordaust med over 150 000 innbyggjarar.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Principales resultados» (på spansk). Henta 26. september 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Imbaburaprovinsen