Hydroksyl
Utsjånad
Hydroksyl er den uladde atomgruppa OH når ho er eit fritt radikal eller innbytar for hydrogen. Eit døme er hydroksylamin (NH2OH), der OH-gruppa kjem i staden for eitt av hydrogenatoma i ammoniakk (NH3). Som fritt radikal er hydroksyl påvist spektroskopisk i interstellart rom.
Den negativt ladde atomgruppa OH- vert kalla hydroksidion, og som ligand i komplekse sambindingar vert ho kalla hydrokso (sjå hydroksosalt). Som innbytar i organiske sambindingar vert OH-gruppa kalla hydroksy, til dømes hydroksyeddiksyre (CH2(OH)COOH).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«hydroksyl» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 20. januar 2017.