Hvasser
Hvasser | |
---|---|
Hvasser kyrkje er ei lita kvitmåla trekyrkje frå 1902. | |
Geografi | |
Stad | Ytre Oslofjord |
Koordinatar | 59°04′25″N 10°26′31″E / 59.07361°N 10.44194°E
|
Areal | 3,6 km²
|
Høgaste punkt | Tjønneberget (42 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestfold
|
Demografi | |
Folketal | 412
|
Hvasser er ei øy og ein tettstad i kommunen Færder i Vestfold. Øya Hvasser er den nest største øya i kommunen og ligg på vestsida av Oslofjorden, 25 km sør for Tønsberg. Arealet til øya er 3,6 km² og det bur 412 innbyggjarar per 1. januar 2023 i tettstaden.
Historie
[endre | endre wikiteksten]«Hvasser» vert lokalt uttala med tonelag 2 (som t.d. «(å) lande», «bønner»), Oslo- vest-uttale er med tonelag 1 (som t.d. «landet» «bønder») [treng kjelde]. I 1910 var det 118 busetnader og 486 innbyggjarar på Hvasser.
Friluftsliv, sommargjestar, kunst og kultur
[endre | endre wikiteksten]Det er fleire badestrender og turområde, mellom anna Lilleskagen nord på øya samt Fynsletta, Jørestrand, Sønstegård og Sydstranda mot sør. Øya er ein populær feriestad om sommaren og har ein mengd private sommarhus og hytter. Det er òg fleire pensjonat og ein leirskole. I Sandøsund er det kystmuseum med mellom anna presentasjon av losverksemnda på staden. I Sandøsund finn ein òg Galleri Gudem som hadde opning i 2001, ein visning-/salsstad av samtidskunst;biletkunst og kunsthandverk.
Øya har fådelt skole og barnehage. Hvasser kyrkje er frå 1902.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]I tettstaden Hvasser er det staden Sandøsund eller Krukehavn (som det står på kartet) som er sentrum. Der er det butikkar, restaurant og fiskerimottak. Her ligg òg losstasjonen for Ytre Oslofjord. Det var los Severin Evensen frå Tjøme som hadde det ærefulle oppdrag å lose kong Haakon VII til Oslo då han kom til Noreg i 1905. Skulpturen Brottet av bilethoggaren Ståle Kalvik vart avduka i Sandøsund i 2005 til minne om losskøyta Gaa Paa som forliste utanfor Hvasser i 1913.
Kjente personar frå Hvasser
[endre | endre wikiteksten]- Julius Pedersen Grepan, los frå Hvasser og modell for Christian Krohg sitt måleri Hardt læ! frå 1882
- Severin Evensen, losen som førte Kong Haakon til Noreg
- Fredrik Anonsen Fredhøi (Fred A. Fredhøi) (1890-1979), forfattar og forlagsmann frå Hvasser
- Tore Frost (f. 1943), universitetslektor og filosof busett på Hvasser siden 1989
- Jo Morten Kim Weider (f. 1980), popartist med artistnamnet Whimsical, frå Hvasser
- Finn-Henrik Bodvin (1928-2002), bilethoggar busett på Hvasser
- Arne Bjørnstad (f. 1950), keramikar busett på Hvasser
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Hvasser i dag
[endre | endre wikiteksten]- Kart og luftfoto over øya
- Lokal presentasjon av Hvasser Arkivert 2005-08-26 ved Wayback Machine.
- Tjøme kommune Arkivert 2006-05-03 ved Wayback Machine.
- Galleri Gudem,Sandøsund - Hvasser
Historikk o.a.
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hvasser» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2008.