Hopp til innhald

Hundre års ensomhet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hundre års ensomhet
Cien años de soledad

Forfattar(ar)Gabriel García Márquez
Språkspansk
Blei til1960-åra
Sjangermagisk realisme
Utgjeven1967
ForlagEditorial Sudamericana
Bilete frå Aracataca, fødebyen til Gabriel García Márquez.[1]
Foto: Tim Buendía

Hundre års ensomhet, originaltittel Cien años de soledad, er ein roman av den colombianske forfattaren og nobelprisvinnaren Gabriel García Márquez. Romanen kom ut på spansk i 1967 og vart omsett til bokmål av Kjell Risvik i 1970.[2] Márquez skreiv denne boka gjennom ein periode på 18 månader i åra 1965 og 1966 i Mexico by.

Dette er ein slektskrønike om familien Buendía som levde i byen Macondo, det metaforiske Colombia. Macondo vart grunnlagt av familiepatriarken José Arcadio Buendía.

Med romanen sin «magisk realisme»-stil og tematiske substans, blei han ein viktig representantroman for den latinamerikanske bløminga på 1960 og 1970-talet,[3] som vart stilistisk prega av modernisme og den cubanske avantgarde litterære rørsla.

Etter at romanen først vart utgjeven i 1967, har Hundre års ensomhet blitt omsett til 37 språk og har selt meir enn 30 millionar eksemplar.[4] Romanen blir sett på som García Márquez sitt meisterverk, og er anerkjent som ein merkestein og av dei viktigaste verka i den spanske litterære kanonen.[5]

Biografi og publisering

[endre | endre wikiteksten]

Gabriel García Márquez var ein av dei fire første latinamerikanske forfattarane som var inkludert i den litterære latinamerikanske bløminga på 1960 og 1970-talet. Dei tre andre forfattarane var den peruanske Mario Vargas Llosa, argentinske Julio Cortázar, og den meksikanske Carlos Fuentes. Hundre års ensomhet gav García Márquez internasjonalt ry som romanforfattar i den «magiske realismerørsla» innanfor litteraturen i Latin-Amerika.

Som ei metaforisk, kritisk tolking av colombianske historie, frå nasjonsskiping til moderne nasjon, skildrar Hundre års ensomhet ulike nasjonale mytar gjennom historia om Buendía-familien.[6] Mytane blir sett saman med dei viktigaste element av colombianske historiske hendingar, slik som den liberale politiske reformasjonen av ein kolonilivsstil, og argumenta for og mot kolonistyret frå 1800-talet, tilkoma av jarnbana til eit fjelland, tusendagskrigen 1899-1902, hegemoniet til føretaket av United Fruit Company (i romanhistoria, omsetnad til bokmål kalla «banankompaniet»), kinoen, bilen og den militære massakren på streikande arbeidarar som politikk for tilhøvet mellom staten og arbeidslivet.[7]

Hundre års ensomhet er historia om sju generasjonar Buendía i Macondo. Grunnleggjaren av byen Macondo, José Arcadio Buendía, og kona hans Ursula Iguarán, som òg var eit søskenbarn, forlèt kystbyen Riohacha i Colombia for å søkje eit betre liv og finne ein ny heim. Ei natt på reisa, medan dei held leir på ei elvebreidd, drøymer José Arcadio Buendía om «Macondo», ein by med speglar som reflekterer verda inn, og då han vakna avgjer han etableringa av Macondo på denne elvebreidda. Etter dei dagevise vandringane i jungelen, er skipinga av Macondo som José Arcadio Buendía gjer utopisk.[8]

José Arcadio Buendía meiner at Macondo er omgjeven av vatn, og frå denne øya, finn han opp verda i samsvar med sine eigne overtydingar.[8] Kort tid etter skipinga, blei Macondo ein by råka av uvanlege og ekstraordinære hendingar som involverte generasjonar av Buendía-familien, Familien slepp ikkje unna sine periodiske og for det meste sjølvpåførte ulukker. Ein orkan øydelegg til sist Macondo, spegelbyen, som av ei syklisk ibuande uro i Macondo. På slutten av historia maktar ein Buendía å tyde ei kryptert melding som generasjonar av Buendía ikkje hadde klart å dekode. Den løynlege bodskapen informerer mottakaren om kvar lukke og ulukke som generasjonar av familien Buendía hadde opplevd.[7]

Symbolikk og metaforar

[endre | endre wikiteksten]
Patriarken i romanen kunngjer at is er vår tids største oppfinning. Det skjer etter at sigøynarar har brakt med seg ei isblokk til Macondo og vist ho fram.[9]
Bilete frå U.S. National Archives and Records Administration

Eit dominerande tema i Hundre års ensomhet er den uunngåelege gjentakinga av historia i Macondo som Buendía-familien ikkje slepp unna. Hovudpersonane er kontrollerte av fortida og tidskompleksiteten. Gjennom heile romanen blir karakterane vitja av spøkelse. Spøkelsa er symbol frå fortida og den ugløymelege makta fortida har over Macondo. Fenomenet er godt forankra i den spesielle utviklinga av latinamerikansk historie.[10] Ideologisk forklart vil Macondo og buendíane til ei viss grad alltid vere spøkelse, framandgjort og skilt frå si eiga historie.

Lagnaden til Macondo er både dømd og førehandsavgjort frå starten av eksistensen. Fatalismen er ein metafor for den spesielle delen som ideologi har spelt i å oppretthalde historiske avhengnad, ved å låse tolkinga av latinamerikansk historie i visse mønster som nektar alternative høve. Forteljinga stadfestar tilsynelatande fatalisme for å illustrere kjensla av innestengsle, og som ideologien kan forsterke.[10]

García Márquez brukar farger som symbol. Gul og gull er dei meste brukte fargene og dei er symbol for imperialisme og den spanske gullalderen. Gull tyder eit søk etter økonomisk velstand, medan gul farge representerer død, endring og øydelegging.[11]

Glasbyen er eit bilete som kjem til José Arcadio Buendía i ein draum. Draumen avgjorde plasseringa av Macondo, men det er òg eit symbol på den sjuke skjebnen til Macondo. Higgins skriv at: «På siste sida har spegelbyen blitt til ein by av luftspeglingar. Macondo representerer såleis draumen om ei ny verd, som Amerika syntest å gje lovnad om, og som gjennom historia vart prova sterkt illusorisk.»[8] Bilete slik som glasbyen og isfabrikken fungerer som metaforar på korleis Latin-Amerika allereie har historia si skissert, med lagnad for øydelegging og undergang.[10]

Samla sett finn ein eit underliggande mønster av latinamerikansk historie i Hundre års ensomhet. Det kan seiast at romanen samlar ei rekkje tekstar som «latinamerikansk kultur har oppretta for å forstå seg sjølv.»[12] I den forstand kan romanen oppfattast som eit kronologisk arkiv. Dette arkivet fortel historia om eit Latin-Amerika oppdaga av europeiske utforskarar, det er eit symbol på den litteraturen som er grunnlaget for latinamerikansk historie og òg eit instrument for å dekode ho. Melquiades, styraren av det historiske arkivet i romanen, representerer både det lunefulle og det litterære.[12] Til slutt, «verda til Hundre års ensomhet er ein stad der tru og metaforar blir uttrykk for fakta, og kor meir vanlege fakta blir usikre.»[7]

Teknisk sett er bruken av utvalde historiske hendingar og karakterar attgjevne i Hundre års ensomhet eit eksemplarisk verk av «magisk realisme», der romanen komprimerer hundreår av årsak og verknad og samstundes fortel ei interessant historie.[6]

Romanfigurar

[endre | endre wikiteksten]

Første generasjon

[endre | endre wikiteksten]
José Arcadio Buendía

José Arcadio Buendía er patriarken i Buendía-familien og grunnleggjaren av Macondo.[13] Buendía forlèt byen Riohacha på kysten av Det karibiske havet saman med kona si, Úrsula Iguarán, etter å ha blitt heimsøkt av Prudencio Aguilar.[13] José Arcadio Buendía er ein introspektiv og nysgjerrig mann med massiv styrke og energi som nyttar meir tid på dei pseudovitskaplege syslane sine enn med familien sin. Han flørtar med alkymi og astronomi og blir stadig meir tilbaketrekt frå familien sin og samfunnet. Dei siste leveåra sit han fastbunden til eit tre i patioen.[14]

Úrsula Iguarán

Úrsula Iguarán er matriarken i Buendía-familien og er kona til José Arcadio Buendía.[13] Ho opplever å bli godt over 100 år gammal, og leiar Buendía-hushaldet gjennom seks av dei sju generasjonar dokumentert i romanen. Ho syner ein sterk karakter, og lukkast ofte der mennene i familien hennar mislukkast, til dømes det å finne ei rute til omverda frå Macondo.

Andre generasjon

[endre | endre wikiteksten]
José Arcadio

José Arcadio Buendía sin førstefødde son, José Arcadio, synest å ha arva sin faren si sindige, impulsive åtferd.[13] Han forlèt til slutt familien for å søkje etter ei sigøynarjente, og uventa kom han tilbake mange år seinare som ein enorm mann dekt av tatoveringar, og hevda at han hadde segla hava i verda. Han giftar seg med adoptivsystera Rebeca, blei utvist frå huset, og han døyr frå ein mystisk skotsår, dagar etter å ha redda broren sin frå avrettinga.

Oberst Aureliano Buendía

José Arcadio Buendía sin andre son blei den første personen fødd i Macondo.[13] Han vart trudd å kunne føresjå fordi alt han sa gjekk i oppfylling.[13] Han representerer ikkje berre ein krigarfigur, men òg ein kunstnar på grunn av evna si til å skrive poesi og til å tilverke fine gullfiskar. Under krigane blei han far til 17 søner med ukjende kvinner,[13] alle sønene fekk namnet Aureliano. Seinare kom fire av dei til å leve i Macondo. 16 av dei 17 vart myrda av ukjende leigemordarar før nokon av dei nådde ein alder av trettifem år.

Remedios Moscote

Remedios var den yngste dottera av den konservative administratoren i byen, Don Apolinar Moscote.[13] Hennar mest slåande fysiske funksjonar er den vene huda hennar og dei smaragdgrøne auga hennar. Den kommande obersten Aureliano forelskar seg i henne, trass skilnaden i alder. Ho døyr av sjukdom under svangerskap, kort tid etter giftarmålet.

Amaranta

Det tredje barnet til José Arcadio Buendía, Amaranta, voks opp saman med adoptivsystera Rebeca.[13] Amaranta døyr einsam og jomfrueleg ugift.

Rebeca

Rebeca var dotter av ein av Ursula Iguarán sine avlidne tremenningar og er adoptert av familien.[13] Når ho kjem til Buendía-familien, ber ho med seg ein lerretsekk som inneheldt skjeletta til foreldra. I byrjinga er ho ekstremt engsteleg, nektar å snakke, og har vaner med å ete jord og kalk frå veggane i huset, eit syndrom kalla 'pica'. Ho synest ikkje å forstå spansk, men ho svarar på spørsmål på språka guajiro og wayuu. Ho forelskar seg i og giftar seg med adoptivbroren José Arcadio etter at han kom heim frå verdsreisene sine. Etter den mystiske og tidleg døden hans, lever ho i sølibat resten av livet.

Tredje generasjon

[endre | endre wikiteksten]
Arcadio

Arcadio er José Arcadio sin «uekte» son med Pilar Ternera.[13] Han er ein skolelærar som tar leiinga av Macondo etter oberst Aureliano Buendía forlèt byen.[13] Han blir ein tyrannisk diktator og brukar skolebarna som den personlege hæren sin og Macondo blir snart gjenstand for huglagen hans. Når hæren til dei liberale i Macondo fell, blir Arcadio skoten av ein konservativ eksekusjonspelotong.[13]

Aureliano José

Aureliano José er «uekte» son av oberst Aureliano Buendía og Pilar Ternera.[13] Han tar del i fleire av faren sine krigar før han deserterer. Aureliano José er besett av tanta si, Amaranta, som oppdrog han frå fødselen og som kategorisk avviser tilnærmingane hans. Midtveges i krigane blir han skoten og drepen av ein kaptein frå dei konservative.[13]

Santa Sofia de la Piedad

Santa Sofia er ei ven ugift dotter av ein kjøpmann.[13] Ho blir tilsett av Pilar Ternera for å ha seksuelt samkvem med sonen Arcadio, den endelege ektemannen hennar.[13] Etter avrettinga av Arcadio blir ho tatt inn i Buendía-familien saman med barnet sitt. Etter at Úrsula døyde forlét ho uventa, utan kjent adresse.

Dei 17 aurelianoarane

I løpet av sine 32 sivile krigskampanjar får oberst Aureliano Buendía 17 søner med 17 ulike kvinner, alle oppkalla etter faren sin.[13] Fire av desse aurelianoarane (A. Triste, A. Serrador, A. Arcaya og A. Centeno) har opphald i Macondo og blir ein permanent del av familien. Etter kvart som hemna mot obersten skrir fram, blir alle drepne av styresmaktene, som identifiserte dei med eit mystisk oskeonsdagskross på panna. Den einaste overlevande av massakren er A. Amador, som flyktar inn i jungelen, berre for å bli myrda på dørstokken til huset til faren sin mange år seinare.

Fjerde generasjon

[endre | endre wikiteksten]
Remedios den skjønne

Remedios den skjønne er Arcadio og Santa Sofía sitt første barn.[13] Det blir sagt at ho er den venaste kvinna nokosinne sett i Macondo, og utilsikta forårsakar ho dødsfall åt fleire menn som elskar eller attrår ho.[13] Ovanfor det meste av byen verkar ho naivt uskyldig, og nokon kjem til å tru at ho er psykisk utviklingshemma. Likevel meiner oberst Aureliano Buendía ho har arva stor klårleik: «Det er som om ho har kome tilbake frå tjue år med krig», sa han.[15] Ho avviser klede og venleik. For ven og utan tvil for vis for denne verda, stig Remedios opp til himmelen ein ettermiddag, medan ho foldar saman Fernanda sine kvite laken.

José Arcadio Segundo

José Arcadio Segundo er tvillingbroren til Aureliano Segundo, barn av Arcadio og Santa Sofía.[13] Úrsula meiner at dei to ein gong vart bytte om i barndomen, då José Arcadio byrjar å vise eigenskapane til aurelianoarane, han veks opp til å bli tankefull og stille. Han spelar ei viktig rolle i bananarbeidarstreiken, og er han einaste overlevande når selskapet massakrerer dei streikande arbeidarane.[13] Etter dette brukar han tida på å studere pergamentrullane til Melquiades, og å lære opp den unge Aureliano. Han døyr på nøyaktig same augneblinken som tvillingbroren.[13]

Aureliano Segundo

Av dei to tvillingbrørne er Aureliano Segundo den støyande og impulsive, mykje som José Arcadios-karakteren i familien.[13] Han tar den første kjærasten sin Petra Cotes som elskarinne i ekteskapet med den vene og bitre Fernanda del Carpio.[13] Når han er saman med Petra, forplantar buskapen seg vilt, og han lever med uhemma, støyande festing. Etter regntida tørkar formuen hans opp, og Buendía-familien er igjen nesten pengelens. Han tar til å søkje etter ein nedgraven skatt, som nesten driv han til vanvett, og døyr av ein ukjent halssjukdom i same augneblunk som tvillingen hans. Under forvirring i gravlegginga, blir kroppane bytta om, begge gravlagt i den andres grav, ei framheving av Ursula sin tidlegare kommentar om at dei hadde blitt ombytta ved fødselen.

Fernanda del Carpio

Fernanda kjem frå ein øydelagt, aristokratisk familie som heldt ho isolert frå verda.[13] Ho vart vald som den venaste av 5000 jenter. Fernanda blir ført til Macondo for å konkurrere med Remedios om dronningtittelen i det lokale karnevalet, men tilkomsten snur karnevalet til ein blodig konfrontasjon. Etter fiaskoen, ektar ho Aureliano Segundo, som trass giftarmålet opprettheld kontakten med konkubina Petra Cotes. Likevel overtar ho snart leiinga av familien etter den no skrøpelege Úrsula. Ho styrer Buendía-affærane med jernhand. Ho har tre barn med Aureliano Segundo: José Arcadio, Renata Remedios, a.k.a. Meme, og Amaranta Úrsula. Ho held fram i huset etter at mannen hennar døyr, for å ta seg av hushaldet fram til ho sjølv døyr.

Buendía-familien aksepterer aldri Fernanda, og ser på henne som ein outsider, sjølv om ingen Buendía gjer opprør mot den ubøyelege konservatisme hennar. Ein mental og emosjonell ustabilitet blir avdekt gjennom paranoia, korrespondanse med dei «usynlege legane», og den irrasjonelle åtferda mot Aureliano, som ho prøver å isolere frå heile verda.

Femte generasjon

[endre | endre wikiteksten]
Renata Remedios (Meme)

Renata Remedios, eller Meme, er det andre barnet og første dottera av Fernanda og Aureliano Segundo.[13] Sjølv om ho ikkje arvar Fernanda sin venleik, har ho Aureliano Segundo sin kjærleik til livet og naturlege utstråling. Etter at mora seier at ho må gjere noko anna enn å spele klavikord, blir ho send til skolen der ho får musikarutdanning samt akademisk heider. Meme blir seinare ført til eit kloster, blir verande stum for resten av livet, delvis på grunn av traume, men òg som eit teikn på opprør. Fleire månader seinare føder ho sonen Aureliano i klosteret. Han blir send i ei korg for å bu hos Buendía-familien.

José Arcadio

José Arcadio, som i Buendía-tradisjonen er oppkalla etter forfedrane, følgjer mønstret frå tidlegare arcadioarar.[13] Han blir oppfostra av Ursula, som har til føremål å gjere han til pave. Han vender tilbake frå Roma utan å ha blitt prest. Han nyttar dagane til å lide etter Amaranta som han er oppslukt av. Til slutt oppdagar han skatten Úrsula hadde gravlagt under senga si, som han kastar bort på overdådige festing og eskapadar med unge gutar. Seinare byrjar han eit førebels vennskap med nevøen Aureliano Babilonia. Fire umodne gutar drep José Arcadio i badet når dei ransakar huset hans og stel gullet.

Amaranta Úrsula

Amaranta Úrsula er det tredje barnet av Fernanda og Aureliano.[13] Ho viser dei same eigenskapane som namnesystera si som døydde som barn.[13] Ho får aldri vite at barnet som vart sendt Buendía-heimen er nevøen hennar, den «uekte» sonen av Meme. Han blir den beste venen hennar i barndomen. Ho døyr av bløding, etter at ho fødde den siste Buendía.[13]

Sjette generasjon

[endre | endre wikiteksten]
Aureliano Babilonia (Aureliano II)

Aureliano Babilonia er «uekte» barn av Meme. Bestemora, Fernanda, held han løynd frå omverda. Han er slåande lik namnebroren sin, obersten, og har dei same karaktertrekka. Han er fåmælt, stille, og kjenslemessig ladda. Han lærer knapt å kjenne Ursula, som døyr i løpet av barndomen. Han er ein ven av José Arcadio Segundo, som forklarer han den sanne historia om bananarbeidarmassakren.

Medan andre medlemmar av familien forlèt og kjem att, blir Aureliano Babilonia verande i Buendía-heimen. Han arbeider for å tyde Melquiades sine pergamentrullar, men held opp for å prioritere ein affære med barndomspartnaren og kjærleiken i livet, Amaranta Ursula, utan å vite at ho er tanta hans. Når både ho og barnet hennar døyr, blir han i stand til å tyde pergamentet. «... med ett så han for seg nøklene til Melquiades, og pergamentrullenes overskrift ble åpenbart for ham i menneskenes tid og rom: Den første i ætten er bundet til et tre og den siste blir spist av maurene»[16]

Sjuande generasjon

[endre | endre wikiteksten]
Aureliano

Aureliano er barn av Aureliano Babilonia og tanta Amaranta Úrsula.[13] Han er fødd med grisehale, som den eldste og for lengst avlidne Úrsula alltid hadde frykta ville skje, men foreldra til barnet hadde aldri høyrt om omenet.[13] Mora hans døyr etter fødselen, og på grunn av den sørgjande faren si aktløyse, vart han slukt av maurar.[13]

Andre karakterar

[endre | endre wikiteksten]
Melquiades

Melquiades er medlem av ei sigøynargruppe som vitjar Macondo kvart år i mars, viser fram fantastiske ting frå heile verda.[13] Melquiades sel fleire nye oppfinningar til José Arcadio Buendía, inkludert eit par magnetar og eit alkymistlaboratorium. Seinare sigøynarane rapporterer at Melquiades døyde i Singapore, men seier han ikkje orka einsemd døden og kjem tilbake for å leve med Buendía-familien.[13] Han bur hos Buendía-familien og byrjar å skrive på det mystiske pergamentet, som til slutt blir dekoda av Aureliano Babilonia. Melquiades døyr for andre gong av drukning i ei elva nær Macondo, og etter ein storslegen seremoni i regi av Buendía-familien, er han den første individuelle gravlagd i Macondo. Namnet hans etterliknar Melkisedek i Det gamle testamentet, den mystiske konge og prest utan ættetavle og med liv utan byrjing og slutt.

Pilar Ternera

Pilar er ei lokal kvinne som ligg med begge brørne Aureliano og José Arcadio.[13] Ho blir mor til sønene deira, Aureliano José og Arcadio.[13] Pilar les framtida med kort, og no og då gjev ein nøyaktig, men svevande føreseiing.[13] Ho har nære band med Buendía-familien gjennom heile romanen, og hjelper dei med spådomar. Ho døyr litt etter at ho fyller 145 år, ho hadde til slutt slutta å telje åra,[13] overlever fram til dei aller siste dagane til Macondo.

Ordet «ternera» på spansk tyder kalv, som er passande med tanke på måten ho blir handsama av Aureliano, Jose Arcadio, og Arcadio. Ho spelar ei vesentleg rolle i plottet ettersom ho er bindeleddet mellom den andre og tredje generasjon av Buendía-familien. Forfattaren framhevar tydinga til Pilar Ternera ved å etterfølgje døden hennar med det deklarerande «det var slutten».[13]

Pietro Crespi

Pietro er ein veldig kjekk og høflig italiensk musikar som driv musikkskole.[13] Han installerer pianola i Buendía-huset. Han blir trulova med Rebeca, men Amaranta, som òg elskar han, klarer å utsetje bryllaupet i årevis. Når José Arcadio og Rebeca er samde om å gifte seg, byrjar Pietro å beile Amaranta, som no er så bitter at ho brutalt avviser han. Fortvila over tapet av begge systrene, gjer han sjølvmord.

Petra Cotes

Petra er ei mørkhuda kvinne med gullbrune auge som ein jaguar. Ho er Aureliano Segundo si elskarinne og kjærleiken i liva hans. Ho kjem i Macondo som ein tenåring med den første ektemannen sin. Etter at mannen døyr, byrjar ho eit tilhøve til José Arcadio Segundo. Når ho møter Aureliano Segundo, byrjar ho eit tilhøve til han òg, utan å vite at dei er to ulike menn.

Mr. Herbert og Señor Brown

Mr. Herbert er ein gringo som møtte opp til lunsj i Buendía-huset ein dag. Etter å ha smakt lokale bananar for første gong, etablerer han ein bananplantasje i Macondo for eit bananselskap. Plantasjen blir driven av den diktatoriske Señor Brown. Når José Arcadio Segundo bidreg til å arrangere ein arbeidarstreik på plantasjen, fangar selskapet meir enn tre tusen streikande, og meier dei ned med maskingevær på torget. Bananselskapet og regjeringa dekker over hendinga og selskapet forlèt Macondo for godt. Denne hendinga kan vere basert på bananmassakren som fann stad i Ciénaga i Magdalena i 1928.

Mauricio Babilonia

Mauricio er ein brutalt ærleg, sjenerøs og kjekk mekanikar som arbeider for bananselskapet.[13] Han blir sagt å vere ein etterkommar av sigøynarane som vitjar Macondo i dei tidlege dagane. Han har dei uvanlege eigenskap av å vere stadig omsverma av gule sommarfuglar, som jamvel følgjer elskarinna hans ei tid. Mauricio byrjar ein romantisk affære med Meme til Fernanda oppdagar dei og prøver å avslutte ho. Når Mauricio held fram å snike seg inn i huset for å sjå ho, får Fernanda han skoten, skulda for å vere kyllingtjuv. Han blir lamma og sengeliggande for resten av livet.

Gastón

Gastón er Amaranta Ursula sin velståande, belgisk mann. Ho giftar seg med han i Europa og returnerer til Macondo på eit silkeband. Gastón er omtrent femten år eldre enn kona. Han er ein flygar og ein eventyrar. Han reiser til Afrika for å finne flygemaskinen sin, då skriv Amaranta til han om kjærleiken hennar for Aureliano Babilonia Buendía.

Gabriel García Márquez

Gabriel García Márquez er berre ein mindre karakter i romanen, men han har æra av bere same namnet som forfattaren. Han og Aureliano Babilonia er nære vener, fordi dei kjenner historia til byen. Han forlèt Macondo for å reise til Paris etter å ha vunne ein konkurranse, og tar avgjersle om å bu der, selja gamle aviser og tomme flaskar. Han er ein av dei få som er i stand til å forlate Macondo før byen blir totalt utrydda.

Store tema

[endre | endre wikiteksten]

Magisk realisme og uttrykk for røyndomen

[endre | endre wikiteksten]

Kritikarar refererer ofte til enkelte verk av García Márquez, inkludert Hundre års ensomhet, som døme på «magisk realisme», ein skrivestil der det overnaturlige er presentert som daglegdagse, og det ordinære som overnaturlig eller ekstraordinært. Omgrepet vart skapt av den tyske kunstkritikaren Franz Roh i 1925.[17]

Romanen presenterer ei fiktiv historie i ein fiktiv setting. Dei ekstraordinære hendingane og romanfigurane er oppdikta. Men García Márquez brukar den fantastiske historia si som eit uttrykk for røyndomen.

«I Hundre års ensomhet overlappar myte og historie. Myten fungerer som ein reiskap for å overføre historia til lesaren. Romanen åt García Márquez kan vidare refererast til som antropologi, der sanninga er funnen i språk og myte. Kva som er verkeleg og kva er fiksjon er utviska det er tre typar av mytiske element i romanen: klassiske historier som ymtar om opphav, karakterar som minnar om mytiske heltar, og overnaturlige element.» [12]

Den magiske realismen er ibuande i romanen gjennom den stadige samanvevinga av det vanlege med det ekstraordinære. Det er noko klårt magisk ved Macondo-verda. Det er ein sinnstilstand like så mykje som, eller meir enn den geografiske staden. Til dømes, ein hører veldig lite om den faktiske fysiske utforminga av byen, når lesaren først er inne i historia, må han førebuast på å møta kva helst av førestillingar fantasien til forfattaren presenterer.[18]

García Márquez blandar det verkelege med den magiske gjennom bruk av tone og forteljarstemme. Ved å oppretthalde same tone gjennom heile romanen, García Márquez gjer ei blanding av det ekstraordinære med det vanlege. Skildringane av ekstraordinære hendingar som sjølvsagte og meir kvardagslege enn dei faktisk er, medfører ei perfekt blanding av det verklege med det magiske.[19] Ein styrking av denne effekten er tonen i framstillingane med sjølvsagte hendingar. Denne tonen avgrensar høvet for lesaren til å stille spørsmål om hendingane i romanen og å skilje røyndomen frå fantasien.[7] Vidare opprettheld den same forteljarstemma gjennom heile romanen nærleik til lesaren og medfører at han eller ho til blir vant til ekstraordinære hendingar i romanen.[7]

Tidsflyten

[endre | endre wikiteksten]

Hundre års ensomhet inneheld fleire idear om tid. Sjølv om historia kan lesast som ei rekkje av kronologiske hendingar, både når ein granskar individuelle liv og historia åt Macondo, gjev García Márquez plass til fleire andre tolkingar av tid:

  • Han gjentar metaforen om historia som eit sirkulært fenomen gjennom repetisjon av namn og karaktertrekk gjennom generasjonane innanfor Buendía-familien. Over seks generasjonar, rår alle generasjonar av José Arcadios over nysgjerrige og rasjonelle disposisjonar og dessutan ein enorm fysisk styrke. Aurelianoarane derimot syner seg meir tilbaketrekte og stille. Denne repetisjonen av eigenskapar gjev og att historia om individuelle kjenneteikn, til slutt, ei framstilling av byen som ei uendelege fylgje av gjentatte feil grunna indre hybris i naturen vår.
  • Romanen utforskar spørsmålet om tidlause eller æve sjølv innanfor ramma av jordisk tilvære. Alkymist-rommet i Buendía-heimen har ein slik funksjon. Laboratoriet vart først designa av Melquiades nær byrjinga av historia og er enno i hovudsak uendra gjennom heile forteljinga. Det er ein stad der den mannlege Buendía-karakteren kan gje seg til einsemd, anten gjennom eksperiment med å dekonstruere verda slik som i dømet med José Arcadio Buendía, eller ved endelaus produksjon med etterfølgjande øydelegging av gullfiskar som i tilfelle med sonen oberst Aureliano Buendía. Vidare gjev romanteksten ei førekjensle av uunngåeleg lagnad.
  • På den andre sida er det viktig å hugse på at jamvel om Hundre års ensomhet i store trekk er bygd kronologisk og lineært, viser romanen òg rikelige døme på sikksakk i tid, både med tilbakeblikk på tidlegare hendingar og med lange sprang mot framtidige hendingar. Eit døme på det siste er den ungdommelige amor mellom Meme og Mauricio Babilonia, som allereie er i full gang før vi blir informert om opphavet til affæren.[8]

Eit tilbakevendande tema i Hundre års ensomhet er Buendía-familien sin hang til insest. Patriarken av familien, Jose Arcadio Buendía, er den første av mange i Buendía-familien til å inngå giftarmål med familiemedlem når han ektar kusina Ursula. Det er verd å merke seg at denne innleiande insestuøse handlinga kan bli sett på som ei «arvesynd»; men det blir ikkje den siste.[8] Det faktumet at «gjennom heile romanen er familien heimsøkt av frykt for straff i form av det vil fødast eit kjempestort barn med grisehale»[8] kan skyldast dette første fallet og gjentakande handlingar av insest blant buendíane.[8]

Einsemd er kanskje det mest dominerande temaet i boka. Macondo vart grunnlagt på ein avsidesliggande stad i den colombianske regnskogen. Byens einsemd representerer kolonitida i latinamerikansk historie.[8] Isolert frå resten av verda, utviklar Buendía-familien seg til å bli stadig meir einsam og egoistisk. Kvart familiemedlem lever berre for seg sjølve, Buendía-familien blir representative for dei aristokratiske eliten av landeigarar som kom til å dominere Latin-Amerika.[8] Denne egosentrisiteten er særleg nedfelt i karakteren til Aureliano, som lever i si eiga verd, og Remedios den skjønne, som øydelegg liva til fire menn gripen av venleiken hennar.[8] Gjennom heile romanen verkar det som om at ingen av karakterane finn ekte kjærleik, eller kjem unna destruktiviteten åt egoismen.[8]

Sjølvdyrkinga innanfor Buendía-familien blir til slutt broten av dei ein gong så overflatiske Aureliano Segundo og Petra Cotes, som oppdagar ei kjensle av gjensidig solidaritet og gleda av å hjelpe andre i naud i gjennom den økonomiske krisa i Macondo.[8] Førekomsten av kjærleiken representerer eit skifte i Macondo, sjølv om det fører til undergangen. «Framvoksteren av kjærleik i romanen for å fortrenge den tradisjonelle egoismen innanfor Buendía-familien reflekterer framvoksteren av sosialistiske verdiar som ei politisk kraft i Latin-Amerika, ei kraft som vil feie bort Buendía-familien og autoriteten dei representerer.»[8] Avsluttinga av Hundre års ensomhet kan tolkast som forfattaren si føreseiing om framtida for Latin-Amerika.[8]

Litterær tyding og heider

[endre | endre wikiteksten]

Hundre års ensomhet har fått universell heider. Romanen har fått Chianciano Award i Italia, Prix de Meilleur Livre Etranger i Frankrike, Rómulo Gallegos Prize i Venezuela, og Neustadtprisen i USA. Desse tildelingane sette scena for Nobelprisen i litteratur i 1982. Romanen toppa lista over bøker som i størst grad forma verdslitteraturen i løpet av dei siste 25 åra, ifølgje ei undersøking av internasjonale forfattarar på oppdrag av det globale litterære tidsskriftet Wasafiri, som ein del av 25-årsjubileet.[20]

Romanen har mottatt superlativ frå anmeldarar og lesarar. Den chilenske poeten og nobelprisvinnaren Pablo Neruda kalla verket «den største openberringa i det spanske språket sidan Don Quijote av Cervantes», medan John Leonard i The New York Times skreiv at «med eit enkelt bind hoppar Gabriel García Márquez opp på scena saman med Günter Grass og Vladimir Nabokov[21]

Ifølgje Antonio Sacoto, professor ved City College of the City University of New York, er Hundre års ensomhet rekna som ein av dei fem viktigaste romanar i spansk amerikansk litteratur.[22]

Vinnaren av Nobels fredspris 2016, president i Colombia Juan Manuel Santos, siterte Hundre års ensomhet to gonger i nobelføredraget sitt, då han skildra hendingane som enda med ein fredsavtale.[23]

I takketalen i samband med utdelinga av Nobels litteraturpris i Stockholm i 1982 adresserte García Márquez tydinga av forfattarskapen sin og foreslo skrivinga si rolle til å vere meir enn berre litterære uttrykk:

«Eg vågar å tru at det er denne overdimensjonerte røyndomen, og ikkje berre røyndomen sine litterære uttrykk, som har fortent merksemd frå den svenske Vitterhetsakademien. Ikkje papirrøyndomen, men ein som bur i oss og avgjer kvar augneblunk av dei utalde daglege dødsfalla våre, og som nærer ei kjelde til umetteleg kreativitet, full av sorg og venleik, som denne omflakkande og nostalgiske colombianar er berre eitt siffer meir, utpeikt av lagnad. Poetar og tiggarar, musikarar og profetar, krigarar og kjeltringar, alle skapningar av utemt røyndom, har vi mådde spørje med mangel på fantasi, for det avgjerande problemet har vore mangel på vanlege middel for å attgje liva våre truverdige. Dette, venene mine, er kjernen i einsemda vår.» [24]
  • Márquez, Gabriel García (1978). Hundre års ensomhet [Cien años de soledad] (på norsk bokmål). Oslo: Gyldendal. ISBN 9788205108646. 
Referansar
  1. Brodzinsky, Sibylla (31. mai 2007). «García Márquez heads home to Macondo». The Guardian. ISSN 0261-3077. Henta 22. januar 2017. 
  2. Oppslag i romanen hos Nasjonalbiblioteket
  3. "One Hundred Years at Forty" (December 2007) The Walrus, Canada
  4. "Author Gabriel Garcia Marquez dies" (17 April 2014) BBC
  5. Real Academia Española Inicio » Obras académicas » Ediciones conmemorativas Henta 22. januar 2017
  6. 6,0 6,1 McMurray, George R. (December 1969). «Reality and Myth in Garcia Marquez' 'Cien anos de soledad'». The Bulletin of the Rocky Mountain Modern Language Association 23 (4): 175–181. doi:10.2307/1346518. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 Wood, Michael (1990). Gabriel García Márquez: One Hundred Years of Solitude. Cambridge University Press. ISBN 0-521-31692-8. 
  8. 8,00 8,01 8,02 8,03 8,04 8,05 8,06 8,07 8,08 8,09 8,10 8,11 8,12 8,13 Bell-Villada, Gene H. (2002). Gabriel García Márquez's One Hundred Years of Solitude: A Casebook. Oxford University Press. ISBN 0-19-514455-4. 
  9. SparkNotes Editors. SparkNote on One Hundred Years of Solitude SparkNotes LLC. 2002. Henta 22. januar 2017
  10. 10,0 10,1 10,2 Erickson, Daniel (2009). Ghosts, Metaphor, and History in Toni Morrison's Beloved and Gabriel García Márquez's One Hundred Years off Solitude. Macmillan. ISBN 0-230-61348-9. 
  11. Some Implications of Yellow and Gold in García Márquez's "One Hundred Years of Solitude": Color Symbolism, Onomastics, and Anti-Idyll" by John Carson Pettey Citation Revista Hispánica Moderna, Año 53, No. 1 pp. 162–178 Year 2000
  12. 12,0 12,1 12,2 "Cien años de soledad: the novel as myth and archive" by Gonzalez Echevarria. p. 358-80 Year 1984
  13. 13,00 13,01 13,02 13,03 13,04 13,05 13,06 13,07 13,08 13,09 13,10 13,11 13,12 13,13 13,14 13,15 13,16 13,17 13,18 13,19 13,20 13,21 13,22 13,23 13,24 13,25 13,26 13,27 13,28 13,29 13,30 13,31 13,32 13,33 13,34 13,35 13,36 13,37 13,38 13,39 13,40 13,41 13,42 Gordo-Guarinos, Francisco. Cien años de soledad. Barcelona: Editorial Vosgos, S.A., 1977
  14. «José Arcadio Buendía». Henta 22. januar 2017. 
  15. Romanen i omsetjing til bokmål, kapittel 10, side 161
  16. Romanen i omsetjing til bokmål, side 326
  17. Franz Roh: Nach-Expressionismus. Magischer Realismus. Probleme der neuesten europäischen Malerei. Klinkhardt & Biermann, Leipzig 1925.
  18. Ian Johnston (March 28, 1995) "On Marquez's One Hundred Years of Solitude" Arkivert 2016-04-16 ved Wayback Machine., Malaspina University College (now Vancouver Island University), Canada
  19. Gullon, Ricardo. "Review: Gabriel García Márquez & the Lost Art of Storytelling". Diacritics, Vol. 1, No. 1 (Autumn, 1971), pp. 27–32.
  20. "25 acclaimed international writers choose 25 of the best books from the last 25 years" (September 25, 2009) Wasafiri Magazine, arkivert frå originalen 5. oktober 2009, henta 22. januar 2017 
  21. One Hundred years of Solitude, by Gabriel García Márquez, 2003, Harper Collins: New York, ISBN 0-06-088328-6, post-script section entitled: 'P.S. Insights, Interviews & More' pp. 2–12
  22. Antonio Sacoto (1979) Cinco novelas claves de la novela hispano americana (El señor presidente, Pedro Páramo, La muerte de Artemio Cruz, La ciudad y los perros, Cien años de soledad), Eliseo Torres & Sons, New York
  23. Juan Manuel Santos, Nobelforedrag av Nobelpristakeren for 2016 publisert på Nobels Fredspris sin nettstad 10. desember 2016
  24. Gabriel García Márquez - Nobel Lecture: The Solitude of Latin America". Nobelprize.org. Nobel Media AB 2014. Web. 22. januar 2017.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]