Hubert Sumlin
Hubert Sumlin | |||
| |||
Fødd | 16. november 1931 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Greenwood i Mississippi i USA | ||
Død | 4. desember 2011 (80 år) | ||
Dødsstad | Wayne, New Jersey, USA | ||
Fødenamn | Hubert Charles Sumlin | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1953–2011 | ||
Sjanger | Chicago blues, elektrisk blues[1] | ||
Instrument | Gitar, vokal | ||
Kjende instrument | Gibson Les Paul Goldtop Fender Stratocaster | ||
Tilknytte artistar | Howlin' Wolf Muddy Waters | ||
Plateselskap | Black Top Records | ||
Verka som | Songar, gitarist | ||
Prisar | Blues Music Award, Blues Hall of Fame, Blues Music Award, Blues Music Award, Blues Music Award |
Hubert Charles Sumlin (16. november 1931–4. desember 2011) var ein Chicago blues-gitarist og songar,[1] mest kjend for sine «fordreidde, rystande toneutbrot, brå cliffhanger-stillheiter og vågale rytmiske spaningar» som eit medlem i bandet til Howlin' Wolf sa.[2] Han vart rangert på 43. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[3]
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Sumlin byrja å spele på ein streng festa på eit kosteskaft, før han fekk seg ein skikkeleg gitar.[4] Han voks opp nær West Memphis i Arkansas, og spelte ei stund saman med munnspelspelaren James Cotton, før Howlin' Wolf spurte han om å bli med i bandet i Chicago i 1954. Sumlin gjekk gradene kveld etter kveld i bandet til Wolf, og vart etter kvart sjølvsikker nok til å gå frå rytmegitar til sologitar. Mot slutten av 1960-åra var Sumlin vorte ein viktig del av stilen til Wolf, på songar som «Wang Dang Doodle», «Shake for Me», «Hidden Charms» , «Three Hundred Pounds of Joy» og «Killing Floor».[4]
Sumlin spelte med Wolf fram til Wolf døydde i 1976. Sumlin hadde spelt inn eit par soloalbum før den tid, det første i 1964 i Aust-Berlin under ein turné i Europa. I seinare år song òg Sumlin på innspelingane sine. Renommeet han hadde som gitarist kom til syne i 2004 på albumet About Them Shoes, der gjestelista inkluderte Keith Richards, Eric Clapton, Levon Helm og David Johansen, og den gamle venen James Cotton.[4]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]År | Tittel | Selskap | Katalognummer | Merknad |
1964 | American Folk Blues | Amiga | 850 043 | Tyskland |
1969 | Hubert's «American» Blues! | Scout | Sc-4 | |
1974 | Kings of Chicago Blues, Vol. 2 | Disques Vogue | LDM 30175 | Frankrike, innspelt 1971 |
1976 | Groove | Black & Blue | 33.511 | Frankrike, innspelt 1975 |
1980 | Gamblin' Woman | L + R | 42.008 | Tyskland, innspelt 1980 |
1987 | Hubert Sumlin's Blues Party | Black Top | BT-1036 | US |
1989 | Heart & Soul | Blind Pig | BP-3389 | US |
1990 | Healing Feeling | Black Top | BT-1053 | US |
1991 | Blues Guitar Boss | JSP | 239 | UK, innspelt 1990 i London |
1994 | Made in Argentina 1993 | Blues Special | 9501 | Argentina, innspelt 1993 i Buenos Aires med Emilion Villanueva and the Kansas City Boys |
1994 | I'm the Back Door Man | Blues Special | 9506 | Argentina, innspelt 1993 i Buenos Aires |
1994 | My Gitar and Me | Evidence Music | ECD-26045 | Paris, innspelt 22. desember 1975 i Barclay Studio |
1996 | Blues Classics | Bellaphon | 82007 | Tyskland, innspelt 1964 i Aust-Berlin |
1998 | I Know You | APO | 2004 | USA |
1998 | Wake Up Call | Blues Planet | 1116 | USA |
1999 | Pinetop Perkins & Hubert Sumlin: Legends | Telarc | 83446 | USA |
2003 | Doing the Don't | Intuition | 34252 | Tyskland; Elliott Sharp's Terraplane, med Hubert Sumlin |
2004 | About Them Shoes | Tone-Cool/Artemis Records | 51609 | USA |
2010 | Midnight Memphis Sun | NorthernBlues Music | NMB0058 | JW-Jones-utgjeving med gjestene Hubert Sumlin og Charlie Musselwhite |
2012 | Sky Road Songs | Yellowbird | 7724-2 | Tyskland; Elliott Sharp's Terraplane, med Hubert Sumlin som gjest (innspelt i 2011) |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hubert Sumlin» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Du Noyer, Paul (2003). The Illustrated Encyclopedia of Music. Fulham, London: Flame Tree Publishing. s. 181. ISBN 1-904041-96-5.
- ↑ Kitts, Jeff; Tolinski, Brad (2002). Gitar World Presents the 100 Greatest Gitarists of All Time. Hal Leonard. p. 37.
- ↑ «65: Hubert Sumlin». The 100 Greatest Gitarists of All Time. Rolling Stone. Henta 1. juli 2017.[daud lenkje]
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Biografi på Allmusic
- ↑ Pete Hoppula. «Hubert Sumlin». WangDangDula.com. Arkivert frå originalen 4. mai 2015. Henta January 21, 2010.