Hot Love
Hot Love Singel av T. Rex | ||
B-side |
«Woodland Rock»/«King of the Mountain Cometh» | |
---|---|---|
Utgjeve | 12. februar 1971 | |
Sjanger | Glamrock | |
Lengd | 3:14 | |
Selskap | Fly Records | |
Tekstforfattar | Marc Bolan | |
Låtskrivar(ar) | Marc Bolan | |
Produsent | Tony Visconti | |
T. Rex-kronologi | ||
«Ride a White Swan» (1970) |
Hot Love | «Get It On» (1971)
|
«Hot Love» er ein song av det britiske glamrockbandet T. Rex frå 1971. Songen vart gjeven ut som singel og vart den første førsteplassen for bandet i Storbritannia, der han låg i seks veker frå byrjinga av mars 1971. Singelen gjorde det ikkje særleg bra i USA, der han berre nådde 72. plass på Hot 100. Songen nådde 47. plass i Canada i juni 1971. Det var òg den første T. Rex-singelen med både bassgitar og trommer. Han vart særleg populær etter at bandet framførte han på Top of the Pops. Frontmannen Marc Bolan framtrer her i androgyne klede og er dekt i glitter, og var med på å starte glamrockbølgja, som starta med den første singelen hans, «Ride a White Swan».
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]David Essex songen til 57. plass i Storbritannia i 1980. The Fratellis sin «Ooh La Hot Love» er ein kombinasjon av Goldfrapp sin «Ooh La La» og «Hot Love».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hot Love (T. Rex song)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2011.