Horseshoe Island
Horseshoe Island | |||
øy | |||
Base Y (Marguerite Bay) på Horseshoe Island
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 67°51′S 67°12′W / 67.850°S 67.200°W | ||
Lengd | 10,5 km | ||
Areal | 67,2 km² | ||
Horseshoe Island 67°51′S 67°12′W / 67.85°S 67.2°W | |||
Wikimedia Commons: Horseshoe Island |
Horseshoe Island er ei øy som dekkjer det meste av innløpet til Square Bay, langs vestkysten av Graham Land i Antarktis. Ho vart oppdaga og namngjeven av British Graham Land Expedition under Rymill som kartla området både på bakken og frå lufta i 1936–37. Namnet syner til ein hesteskoforma fjellrygg på øya med toppar på 600 til 900 meter over havet.[1]
Base Y
[endre | endre wikiteksten]Base Y (Marguerite Bay) vart etablert på Horseshoe Island av Falkland Islands Dependencies Survey i 1955. Han var i kontinuerlig bruk frå 11. mars 1955 fram til han vart nedlagd 21. august 1960 og mannskapa overført til Base E på Stonington Island. Stasjonen vart nytta i samband med topografiske og geologiske undersøkingar, i tillegg til for meteorologiske observasjoner.[2] Anlegget er verneverdig som ein relativt uendra og fullstendig utstyrt britisk forskingsstasjon, og står oppført på Antarktistraktaten si liste over historiske stader og kulturminne i Antarktis.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Horseshoe Island». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 19. oktober 2012.
- ↑ Horseshoe Island Station Y — History British Antarctic Survey
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Horseshoe Island» (innhald frå Geographic Names Information System).