Hilderaldo Bellini
Utsjånad
Hilderaldo Bellini | |
Statsborgarskap | Brasil |
Fødd | 7. juni 1930 Itapira |
Død | |
Yrke | fotballspelar |
Språk | portugisisk |
Høgd | 1,81 meter |
Hilderaldo Bellini på Commons |
Hilderaldo Luiz Bellini (7. juni 1930–20. mars 2014) var ein brasiliansk fotballspelar som vart verdsmeister i 1958 og 1962. I Brasil vert han rekna som ein av dei aller mest solide midtstopparane.
Bellini spelte for klubben Vasco da Gama åra 1952-61, deretter for São Paulo FC frå 1962 til 1967 og avslutta karrieren hos Atlético Paranaense. I 1958 var han kaptein på det brasilianske landslaget som vann den fyrste VM-tittelen for heimlandet. Fire år seinare vart han verdsmeister på ny, og han deltok også i fotball-VM 1966. Perioden 1957-66 spelte Bellini 51 landskampar for Brasil, utan å skåre eitt einaste landslagsmål.
Han vart heidra med ein statue ved inngangen til fotballstadion Maracanã, som viser han løfte eit trofé.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hideraldo Bellini» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juni 2014.