Hopp til innhald

Hellen Obiri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hellen Obiri


Statsborgarskap Kenya
Fødd 13. desember 1989 (34 år)
Kisii
Idrett friidrett
Tok del i Samveldeleikane 2018, Samveldeleikane 2014, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 1500 meter damer, Friidrett under Sommar-OL 2016 – 5 000 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 5 000 meter kvinner, Friidrett under Sommar-OL 2020 – 10 000 meter kvinner

Hellen Onsando Obiri (fødd 13. desember 1989) er ein kenyansk friidrettsutøvar som deltek i mellom- og langdistanseløp. Ho vart verdsmeister på 5 000 meter i 2017 og i 2019. Obiri har elles to OL-sølv på same distansen, VM-sølv på 10 000 m, VM-bronse på 1500 meter og OL-bronse i maraton. Obiris personlege rekordar er høvesvis 3.57,0 på 1500 m frå 2014, medan ho kom i mål på 14.18,3 då ho vann 5 000-meteren ved DL-stemnet i Roma i 2017.

Obiri vann bronsemedaljen på 1500 m under VM i friidrett 2013. Frå 2015 satsa ho mest på 5 000 meter, ein distanse ho tok sølvmedaljen på under Sommar-OL 2016. Ved verdsmeisterskapen sigra ho med stor margin på same distansen. To år seinare i Doha forsvarte ho VM-tittelen på halvmila, då etter eit drabeleg spurtoppgjer. På mila enda ho på femteplass. Også under dei olympiske leikane i Tokyo sommaren 2021 sprang Obiri begge langdistansane. På 5 000 m kneip ho sølvmedaljen med 0,01 sekunds margin til tredjemann, fire dagar seinare sette ho personbeste på 10 000 meter med 30.24,2 og vart nummer 4.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]