Hatholmen fyrstasjon
Fylke | Agder | ||
---|---|---|---|
Kommune | Lindesnes | ||
Funksjon | Innseglingsfyr | ||
Oppretta | 1867 | ||
Koordinatar | 58°00.2050′N 7°26.9647′E / 58.0034167°N 7.4494117°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 7,2 | ||
Form | Fyrbygning | ||
Byggjemateriale | Tre | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | 2 lysglimt vart 10. sek. | ||
Lyshøgd | 19,0 moh. | ||
Lysvidde | 9,0 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 1984 | ||
Avfolka | 1984 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
Hatholmen fyrstasjon 58°00′12″N 7°26′54″E / 58.00333333°N 7.44833333°E | |||
Hatholmen fyrstasjon er eit fyr som ligg på Indre Hatholmen i Mannefjorden midt i innseilingen til Mandal i Agder.
Fyret vart oppretta i 1867 og hadde bemanna drift fram til 1984 då det vart avfolka og automatisert. Den 6. mai 1991 overtok Mandal Kystlag drifta og vedlikehaldet av fyret. Fyret vart bygd samstundes med Ryvingen fyrstasjon og har funksjonelt og visuelt samband med denne.
Sjølve fyrbygningen er i tre og er eit 1 1/2 etasjar høgt bustadhus med tilhøyrande lykterom. Fyret har 4. ordens linseapparat frå 1931. Det vart ombygd til solcelledrift i 1985.
Anlegget omfattar elles uthus, hønsehus, maskinhus og oppheng for taubane, trapper og bru, samt naust og landing. Anlegget vart tilrettelagt som bustad av fyrmeisteren og familien hans og på holmen finst hage og bedd.
Hatholmen fyrstasjon er i dag freda etter lov om kulturminne.
Det er i sommarmånadane høve for overnatting på fyret eller såkalla «fyrferie».
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Informasjonsside for Mandal Kystlag Arkivert 2007-09-06 ved Wayback Machine.
- Hagevokster og hagebruk på Hatholmen fyr
- Ville planter på Hatholmen fyr
- Hatholmen fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hatholmen fyr» frå Wikipedia på bokmål, den 7. oktober 2008.
Andre kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
- «Hatholmen fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.