Hartvikvatnet
Hartvikvatnet | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Narvik | ||
Høgd over havet | 78 moh. | ||
Areal | 2,30 km² | ||
Kystlengd1 | 7,32 km | ||
Koordinatar | 68°33′20″N 17°40′55″E / 68.55556°N 17.68194°E | ||
Hartvikvatnet 68°33′22″N 17°40′53″E / 68.556°N 17.6815°E | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Hartvikvatnet (nordsamisk Árajávri) er eit vatn som ligg nedst i Vassdalen, ved Bjerkvik i Narvik kommune i Nordland.
Innsjøen vart kjend etter ei hending under andre verdskrigen, då elleve tyske Junker 52-fly landa på isen i april 1940 etter å ha møtt på tett snødrev og dårleg sikt på turen nordover til Bardufoss. Då dei tyske styrkane kom tilbake til flya hadde dei fleste frose fast og var for skadde til å kunne flygast vidare. berre eitt av flya kunne letta på nytt, og då isen seinare smelta sokk dei ti gjenverande flya i vatnet. I ettertid er fleire av dei henta opp, og dei fleste av desse er no på museum i Tyskland og Noreg. I 2012 var det framleis tre fly i vatnet. Eitt av dei hadde sokke ned i botnen, det andre låg på om lag 40 meters djupne, og det tredje låg like under vassoverflata (4–8 meter under vasoverflata).[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hartvikvatnet» frå Wikipedia på bokmål, den 8. juli 2016.
- ↑ «Se hva som dukket opp under isen!». NRK.no. 28. desember 2012. Henta 4. mai 2014.