Hanzhong
Hanzhong (kinesisk skrift 汉中市, pinyin Hànzhōng) er eit byprefektur i sørvest i provinsen Shaanxi i det sentrale Kina. Prefekturet dekker eit areal på 27 246 km² og har om lag 3,42 millionar ibuarar. Det ligg langs den øvre delen av elva Hanshui, sør for fjellområdet Qinling.
Byprefekturet Hanzhong omfattar eitt bydistrikt (区 qū) og ti fylke (县 xiàn).
Turisme
[endre | endre wikiteksten]Mellom ei lang rekke sjåverdige tempel, byportar og altar ligg dei vakre mausolea over Zhang Qian, «silkevegspioneren», i fylket Chenggu, og over Cai Lun, oppfinnaren av papiret, i fylket Yang.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Kinas riksveg 108 går gjennom området. Riksvegen tek til i Beijing og fører via Taiyuan, Xi'an og Chengdu sør til Kunming i den sørvestlege provinsen Yunnan. Også Kinas riksveg 316 går gjennom området. Han fører frå Fuzhou i Fujian via Nanchang i Jiangxi og Wuhan i Hubei til Lanzhou i Gansu.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Hanzhong var militærstrategisk viktig den gongen dette området låg ved yttergrensa for det kinesiske kulturområdet. Området var bygt allereie under Shang-dynastiet. I 325 f.Kr. etablerte staten Qin eit prefektur i Hanzhong. Vel hundre år seinare, i 206 f.Kr., var Hanzhong base for Liu Bang då han bygde opp Det vestlege Han-dynastiet (206 f.Kr.-8 e.Kr.). Under Dei tre statars tid (220-280) sende Zhuge Liang, statsminister i kongedømmet Shu, troppar til Qishanfjellet seks gonger, og nytta Hanzhong som base for sitt felttog nordover mot kongedømmet Wei.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hanzhong» frå Wikipedia på bokmål, den 5. juli 2012.