Hakking
Utsjånad
Hakking, òg kjend som tunisisk hekling eller i nokre høve afghansk hekling, er ein handarbeidsteknikk der ein lagar tekstilar ved hjelp av ei hakkenål og garn. Hakkenåla liknar ei lang heklenål. Det finst òg variantar med krok i begge endane. Teknikken gjev eit ganske fast resultat med tydeleg rett- og vrangside.
For å hakka må ein starta med å legga opp luftmasker. Så hentar ein tråden gjennom maskene. Det ser no ut som det er strikkemasker på hakkenåla. På neste rad fullfører ein maskene ved å trekka tråden gjennom. Dette kan ein så gjenta til arbeidet er så stort som ønskt.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tone Takle; Grete Helene Moen; Sølvi Lillejord (1995). «Hakking». Cappelens store håndarbeidsbok. Oslo: Cappelen. s. 110.
- Gjertrud Saglie (1989). «Hakking». Strikke - hekle - binde. Oslo: Landbruksforlaget. s. 52.
- Aud Brynhild Kongshaug; Eva Wahl Sandnes (1979). «Hakking». Tekstil : hekle, strikke, knyte, veve. Oslo: Universitetsforlaget. s. 39.
- Judy Brittain (1995). «Hakking». Teknologisk forlags store nye håndarbeidsbok. Oslo: Teknologisk forlag. s. 152.