Gvardejsk
Gvardejsk Гвардейск | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Kaliningrad oblast | ||
Først nemnd i Bystatus |
= 1255 1722 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
13 214 | ||
Koordinatar | 54°39′00″N 21°04′00″E / 54.65000°N 21.06667°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | +7 40159 |
Gvardejsk (russisk Гварде́йск, tysk Tapiau, litauisk Tepliava, polsk Tapiawa) er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Pregolja, rundt 40 km aust for Kaliningrad.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Staden vart første gong nemnt i 1255 som eit fort som høyrte til gammalprøyssarar. Den tyske riddarordenen bygde ei borg der i 1283–90 og ordenen sine arkiver vart oppbevart i borga frå 1469–1722. Tapiau vart ein del av Hertugdømet Preussen i 1525 og Kongeriket Preussen i 1701. Han låg under provinsen Aust-Preussen. Tapiau vart ein del av Tyskland gjennom samlinga av Tyskland i 1871.
I motsetnad til mange andre byar i området slapp Tapiau stort sett uskadd unna den andre verdskrigen. Etter krigen var over i 1945 vart han annektert av Sovjetunionen og namnet vart endra til Gvardejsk i 1946. Den tyske folkesetnaden vart anten evakuert eller utvist og erstatta med russarar.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nettsted om Gvardejsk/Tapiau Arkivert 2008-04-23 ved Wayback Machine. (russisk)