Hopp til innhald

Gustav Baumann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gustav Baumann
Fødd10. februar 1852
Fåberg kommune
Død29. februar 1908 (56 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkejurist, politikar
Alle verv

Gustav Theodor Baumann (10. februar 185229. februar 1908) var ein norsk sakførar, embetsmann og stortingsmann frå Fåberg i Oppland. Han var medlem av Venstre.

Baumann var son til ein distriktslege. Sjølv vart han student i 1869 og cand. jur. i 1872. Etter nokre år som fullmektig på sorenskrivarkontor etablerte han i 1877 seg som overrettssakførar på Lillehammer. Frå 1888 til 1901 var han statsadvokat i Nordland og Senja, sidan var han lagmann i Hålogaland.

Baumann var ordførar i Bodin 1899-1901. Perioden 1900-03 var han Nordlands amt sin 4. representant på Stortinget. Han var medlem av Lagtinget og justiskomiteen.

Han døydde i Hammerfest skotårsdagen 1908.