Hopp til innhald

Grudziądz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grudziądz
by
Flagg
Våpenskjold
Motto: Grudziądz - miasto na szczęście – «Grudziądz - byen med lykkja»
Land  Polen
Fylke Kujaviskpommerske voivodskap
Høgd 50 m
Areal 57,76 km²
Folketal 90 890 (31. mars 2021)[1]
Grunnlagd 1000-talet
 •  Byrettar 1291
Postnummer 86-300 til 86-311
Retningsnummer +48 056
Bilnummer CG
Kart
Grudziądz
53°29′15″N 18°45′18″E / 53.4875°N 18.755°E / 53.4875; 18.755
Wikimedia Commons: Grudziądz

Grudziądz[a] er ein by nord i Polen ved elva Wisła med om lag 90 000 innbyggjarar. Han ligg i Kujaviskpommerske voivodskap (sidan 1999) og var tidlegare ein del av Toruń voivodskap (1975–1998).

Gamle kornkammer i Grudziądz.

Grudziądz (då kalla Graudenc) fekk byrettar i 1291 og tilslutta seg den prøyssiske konføderasjon i 1440. Mellom 1466 og 1772 høyrte byen til den polske krona som del av provinsen Det kongelege Preussen, som hadde stor grad av sjølvstyre. Ved den første delinga av Polen i 1772 vart byen annektert av kong Fredrik II av Preussen og vart slik same år del av kongedømet Preussen. I 1878 vart det bygd ei bru over Wisła (tysk Weichsel), noko som medverka til ei rask industrialisering av Graudenz. Ved riksdagsvala i 1912 fekk polske kandidater 21 prosent av stemmene, medan Det tyske nasjonalliberale partiet fekk 53 prosent.

Den 23. januar 1920 vart byen, som hadde ein overvegande tysk folkesetnad (84 %), del av den andre polske republikken som vart etablert etter den første verdskrigen.

Den 3. september 1939 erobra tyske militære styrkar byen. Det tyske styret varte i fem år. Ved Grudziądz låg den tyske konsentrasjonsleiren Graudenz som var satellittleir under konsentrasjonsleiren Stutthof lenger nord. Under kampane vinteren 1945 vart over 60 prosent av Grudziądz øydelagt.

Gamlebyen i Grudziądz i 2007.
Foto: Włodzimierz Wysocki
  1. tysk Graudenz, latinsk Graudensis, russisk Грудзёндз, Grudziondz

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Grudziądz