Grana kraftverk
Utsjånad
Grana kraftverk er eit vasskraftverk i Orklavassdraget i Rennebu kommune i Trøndelag. Kraftverket vart sett i drift i 1982 da oppdemminga av Granasjøen på Nerskogen var ferdig. Dette vassmagasinet har elvane Grana, Levra og Minilla som hovudtilsig. Kraftverket utnyttar eit fall på 462 meter frå Granasjøen, og i tillegg blir det henta inn vatn frå fleire bekkar.
Gjennomsnittleg årsproduksjon er på 280 GWh og installert effekt er på 75 MW i ein Francis turbin.
Eigar er Kraftverka i Orkla der Statkraft gjennom Trondheim Energiverk Kraft er største eigar.