Hopp til innhald

Giving You Up

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giving You Up
Singel av Kylie Minogue
frå albumet Ultimate Kylie
B-side

«Made of Glass»

Utgjeve 28. mars 2005
Innspelt 2004
London i England
Sjanger Dansepop
Lengd 3:31
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Miranda Cooper
Brian Higgins
Tim Powell
Lisa Cowling
Paul Woods
Nick Coler
Kylie Minogue
Produsent Brian Higgins
Xenomania
Kylie Minogue-kronologi 
«I Believe in You»
(2004)
Giving You Up «2 Hearts»
(2007)


«Giving You Up» er ein dansepopsong framført av den australske songaren Kylie Minogue for samlealbumet Ultimate Kylie (2004). Han vart utgjeven som andresingelen frå albumet i mars 2005 til blanda kritikkar. Songen vart òg den siste singel til Minogue før kampen hennar mot brystkreft. Den neste utgjevinga hennar kom vel to år seinare, seint i 2007.

Utgjeving og listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]

«Giving You Up» vart skriven og innspelt i løpet av sommaren 2004 i London av Minogue og Xenomania for samlealbumet Ultimate Kylie. Songen vart utgjeven 28. mars 2005 i ulike format over heile verda. I Australia vart singelen utgjeve som ei dobbel A-side med «Made of Glass» den 11. april 2005 og avgrensa til 25 000 eksemplar.

Singlen nådde nummer seks på UK Singles Chart den 4. april 2005, og blei på hitlista i åtte veker.[1] Songen nådde nummer tjue i Irland[2] og nummer 27 i Tyskland.[3] «Giving You Up» vart òg i stor grad vellykka andre stader, og nådde førsteplass i Portugal og Topp 20 i Danmark,[4] Finland,[5] Hellas, Spania[6] og Ukraina. I Australia debuterte songen på åttendeplassen og var på Topp 50 i sju veker.[7]

Format og sporliste

[endre | endre wikiteksten]
Europeisk CD 1
  1. «Giving You Up» – 3:31
  2. «Made of Glass» – 3:12
Europeisk CD 2
  1. «Giving You Up» – 3:31
  2. «Giving You Up» (Riton Re-Rub Dub) – 6:31
  3. «Giving You Up» (Alter Ego Remix) – 6:32
  4. «Giving You Up» (Video)
Tysk CD
  1. «Giving You Up» – 3:31
  2. «Your Disco Needs You» (Almighty Mix Edit) – 3:29
  3. «Your Disco Needs You» (Video)
Australsk CD
  1. «Giving You Up» – 3:31
  2. «Made of Glass» – 3:12
  3. «Giving You Up» (Riton Re-Rub Vox) – 6:31
  4. «Giving You Up» (Alter Ego Dub) – 6:32
  5. «Giving You Up» (Video)

Topplisteplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Toppliste (2005) Listeplassering
Australia (ARIA Charts)[7] 8
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[8] 45
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[9] 25
Danmark (Tracklisten)[4] 12
Europa (European Hot 100 Singles)[10] 13
Finland (Suomen virallinen lista)[5] 14
Tyskland (Media Control Charts)[3] 27
Irland (IRMA)[2] 20
Nederland (Dutch Top 40)[11] 34
Spania (PROMUSICAE)[6] 6
Sveits (Schweizer Hitparade)[12] 40
Storbritannia (UK Singles Chart)[1] 6
  1. 1,0 1,1 «Kylie Minogue». UK Singles Chart. Henta 9. september 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Chart Track». Irish Singles Chart. 
  3. 3,0 3,1 «Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de». Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Henta 9. september 2010. 
  4. 4,0 4,1 «Danishcharts.com – Kylie Minogue – Giving You Up». Tracklisten. Henta 9. september 2010. 
  5. 5,0 5,1 «Kylie Minogue: Giving You Up». Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 9. september 2010. 
  6. 6,0 6,1 «Spanishcharts.com – Kylie Minogue – Giving You Up». Canciones Top 50. Henta 9. september 2010. 
  7. 7,0 7,1 «Australian-charts.com – Kylie Minogue – Giving You Up». ARIA Top 50 Singles. Henta 9. september 2010. 
  8. «Kylie Minogue – Giving You Up – Austriancharts.at». Ö3 Austria Top 40. Henta 9. september 2010. 
  9. «Ultratop.be – Kylie Minogue – Giving You Up». Ultratop 50 (Flandern). Henta 9. september 2010. 
  10. «Kylie Minogue Album & Song Chart History». European Hot 100 for Kylie Minogue. Henta 9. september 2010. 
  11. «Nederlandse Top 40 – week 17, 2005». Dutch Top 40. 
  12. «Kylie Minogue – Giving You Up – swisscharts.com». Schweizer Hitparade. Henta 9. september 2010. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]