Gauss
Utsjånad
Gauss er ei måleining for magnetisk flukstettleik eller magnetisk induksjon i CGS-systemet. Eininga har symbolet Gs eller G. Før 1934 vart Gauss òg nytta som eining for magnetisk feltstyrke i dette systemet. Éin gauss er lik 10−4 tesla, som er SI-eininga for magnetisk flukstettleik.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Gauss. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 9. november 2013 frå http://snl.no/gauss.