Hopp til innhald

Fylkesveg 863

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fylkesveg 863
863
Vanna sett frå ferja
Vanna sett frå ferja
Strekning
Skåningsbukt på Vanna i Karlsøy –  Kvaløysletta i Tromsø
Fylkesveg 863
Informasjon
Lengd 56,7 km
Status fylkesveg
Ferjestrekningar 1
Sjå òg fylkesveg 863 (fleirtyding).

Fylkesveg 863 (Fv863) går mellom Skåningsbukt på Vanna i Karlsøy kommune og Kvaløysletta i Tromsø kommune.

Vegen går nordover frå Kvaløysletta langs austkysten av Kvaløya til Futrikelv, der han går gjennom Kvalsundtunnelen til Skulgam på Ringvassøy. Der held vegen fram nordover langs austkysten av Ringvassøy til Hessfjord og vidare til Hansnes. Frå Hansnes går det ferje til Skåningsbukt på Vanna. Ferjesambandet, ferjeleiet og ca 150 m av vegen på Vanna går inn i Fv863. Vegen 56,7 km lang utanom ferjestrekninga.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]
Karlsøy kommune
Tromsø kommune
  • Arm til Skulgam kai (11 m)
  • Fv66 frå Nordhella til Nordkjosen (22,9 km)
  • tunnel Kvalsundtunnelen (1650 m, 56 muh.)
  • Fv65 frå Sørhellneset til Kvaløyvågen (16,2 km)
  • Arm til Futrikelv kai (0,1 km)
  • Fv58 frå Finnvik til Lyfjord og ferje Vengsøya
  • 862 Kvaløysletta, til Tromsø og til Sør-Kvaløy

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]