Fushun
Fushun (kinesisk: 抚顺; pinyin: Fǔshùn) er eit kinesisk byprefektur nordaust i provinsen Liaoning i det nordaustlege Kina, der det i nord grensar mot provinsen Jilin. Byprefekturet har eit areal på 11 271 km² og hadde vel 2,1 millionar ibuarar i 2010.
Byprefekturet Fushun omfattar fire distrikt (区 qū), eitt fylke (县 xiàn) og to autonome fylke (自治县 zìzhìxiàn).
Næring
[endre | endre wikiteksten]Fushun er eit sterkt industrialisert område, med særleg vekt på utvinning og framstilling av kol og skiferolje. Eit enormt dagbrot for kol har vore i drift sidan 1100-talet, skal vere det største i heile verda. Byprefekturet har eit stort aluminium-smelteverk og fabrikkar som lagar bilar, maskiner, kjemikaliar, sement og gummi.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Kinas riksveg 202 går gjennom området. Han tek til i Heihe i provinsen Heilongjiang, passerer gjennom Harbin og Shenyang, og endar i Dalian ved Gulehavet.
Byen har jarnbanesamband til Shenyang i nord og Dalian i sør.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Russland okkuperte byen til 1905, deretter Japan i perioden fram til 1945.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fushun» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2013.