Finlandssvenskar
Finlandssvenskar eller austsvenskar er personar som talar svensk språk eller finlandssvensk i Finland. I Finland er delen svenskspråklege 5,58 prosent (2002) om Åland vert teke med. I 1809 ved avskiljinga frå Sverige var delen 33 %[treng kjelde] og i 1918 då Finland vart sjølstendig var delen svenskspråklege 18 %. Utvandring til det rikare Sverige og språkbyte til finsk har redusert delen svenskspråklege. Finland (utanom Åland) har to offisielle språk, finsk og svensk.
Vidgjetne finlandssvenskar
[endre | endre wikiteksten]Vidgjetne finlandssvenskar er til dømes Linus Torvalds, skaparen av Linux, komponisten Jean Sibelius, feltmarskalk/president Carl Gustav Emil Mannerheim, finskdomsrørsla sin leiar Johan Vilhelm Snellman, forfattarane Tove Jansson, Johan Ludvig Runeberg og Edith Södergran, rally-førar Marcus Grönholm og Michael Widenius, skaparen av MySQL.