Figgjoelva
Utsjånad
Figgjoelva | |||
elv | |||
Figgjoelva der ho renn ut av Edlandsvatnet på Ålgård. Til venstre kan ein sjå fabrikkbygget til nedlagde DFU.
Foto: Rune Sattler | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Kommunar | Gjesdal, Sandnes, Klepp, Time | ||
Lengd | 42,2 km | ||
Middelvassføring | 103 m³/s | ||
Kjelde | Edlandsvatnet, Ålgård | ||
Munning | Sele | ||
Figgjoelva 58°48′42″N 5°32′52″E / 58.811666666667°N 5.5477777777778°E |
Figgjoelva er ei elv i Rogaland som renn frå Edlandsvatnet på Ålgård, gjennom Figgjo og til Sele på Jæren. Elva er populær for sportsfiske og er ei av dei 10–15 største lakseelvane i Noreg. Ho har ei lengd på 42,2 km og ein høgdeskilnad på 104 m. Middelvassføringa er på 103 m³/s[1].
Figgjoelva var i 2000 den nest største lakseelva i Rogaland då det vart fisket 10,6 tonn laks og 677 kg sjøaure[2].
Elva var grunnlaget for industrien på Ålgård og Figgjo. På Ålgård kjøpte Ole Nielsen rettane til Edlandsfossen og starta opp De Forenede Ullvarefabrikker. Tidlegare vart det òg fiska etter ål.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Figgjoelva» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mai 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Gjesdal kommune, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 2. mai 2008
- ↑ Region Stavanger