Ferdinand II av Det tysk-romerske riket
Ferdinand II | |||
| |||
Keisar av Det tysk-romerske riket | |||
Fødd | 9. juli 1578 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Graz | ||
Død | 15. februar 1637 | ||
Dødsstad | Wien | ||
Gravstad | Katharinenkirche und Mausoleum, Graz, Herzgruft | ||
Gift med | Maria Anna von Bayern, Eleonora Gonzaga | ||
Dynasti | Habsburg | ||
Far | Karl II. | ||
Mor | Maria Anna von Bayern | ||
Born | Ferdinand III av Det tysk-romerske rike, Archduchess Maria Anna of Austria, Cecylia Renata Habsburżanka, Leopold Wilhelm von Österreich, Jan Karel Habsburský, Christine von Habsburg, Karl von Habsburg |
Ferdinand II (9. juli 1578–15. februar 1637) var var tysk-romersk keisar frå 1619 til 1637.[1] Han var også konge av Böhmen i tidsromma 1617–1619 og 1620–1627, og konge av Ungarn frå 1618 til 1625.[1]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Ferdinand var fødd i Graz[1] som son av Karl II av Indre Austerrike og Maria av Bayern.[2] Han var soneson til Ferdinand I.[1] Sjølv var han far til Ferdinand III.
Frå han var åtte år gammal vart han oppseda av jesuittar, og derav ein ivrig antiprotestant.[1] Faren døydde uventa i juli 1590,[3] og Ferdinand II vart monark over Indre Austerrike med regentar. Han vart innsett som regent av dei provinsane i Indre Austerrike då han vart myndig i 1596. Trass motstand frå protestantiske fyrstar vart Ferdinand i 1617 utpeikt til konge av Böhmen og i 1618 av Ungarn.[1] I 1619 valde likevel Böhmen protestanten Fredrik av Pfalz til ny konge.[1] Same året kom Ferdinand til keisarmakt då brorsonen, keisar Matthias, døydde utan arvingar. Protestantiske Böhmen nekta å godta han utan lovnad om politisk og religiøs fridom.[4]
Ved hjelp av den katolske ligaen erobra Ferdinand Böhmen i 1620, der protestantane vart knust i Slaget ved det kvite berg.[5][6] Dermed var Trettiårskrigen i full gang. Ferdinand hadde stor framgang i mange år og for fram med råskap mot protestantar. Forsøka på å slå ned dei nordtyske protestantiske fyrstane stranda då kurfyrstane vende seg mot han, i frykt for den aukande makta til Ferdinand. Då også Sverige og Frankrike greip sterkt inn i striden, makta ikkje Ferdinand å avslutte krigføringa innan han døydde.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 «Ferdinand 2. – tysk-romersk keiser». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023.
- ↑ Bireley 2014, s. 1.
- ↑ Bireley 2014, s. 10.
- ↑ Bireley 2014, s. 97.
- ↑ Pánek 2011, s. 225.
- ↑ Parker 1997, s. 55.
- Bibliografi
- Bireley, Robert (2014). Ferdinand II, Counter-Reformation Emperor, 1578–1637. Cambridge University Press. ISBN 978-1-107-06715-8.
- Pánek, Jaroslav (2011). «The Czech Estates in the Habsburg Monarchy (1526–1620)». I Pánek, Jaroslav; Tůma, Oldřich. A History of the Czech Lands. Charles University. s. 191–229. ISBN 978-80-246-1645-2.
- Parker, Geoffrey, red. (1997) [1984]. The Thirty Years' War (2. utg.). Routledge. ISBN 978-0-415-15458-1.