Femundsmarka nasjonalpark
Femundsmarka nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hedmark, Trøndelag | ||
Kommunar | Engerdal, Røros | ||
Del av | Femundsmarka | ||
Høgaste punkt | Stor-Svuku | ||
• høgd | 1 415 moh. | ||
Areal | 573 km² | ||
Oppretta | 9. juli 1971 | ||
• Utvida | 21. februar 2003 | ||
Femundsmarka nasjonalpark 62°13′00″N 12°07′00″E / 62.216666666667°N 12.116666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Femundsmarka National Park |
Femundsmarka nasjonalpark er ein nasjonalpark i eit skog- og innsjøområde som er rekna som eit eldorado for sportsfiske og kanoturar.
Nasjonalparken vart oppretta ved forskrift i 1971 og utvida i 2003. Han omfattar areal i Engerdal kommune i Hedmark og Røros kommune i Trøndelag.
Vern og bruk av parken
[endre | endre wikiteksten]Formålet med nasjonalparken er å ta vare på eit i det vesentlegaste urørt fjell- og skogområde typisk for regionen. Det er òg eit formål å ta vare på landskapsformer med blant anna det særprega dødislandskapet med blokkmark, moreneryggar, sjøar og vassystem.
Ålmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv utan særleg teknisk tilrettelegging.
Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næringsutnytting. Området skal kunne brukast til reindrift.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Direktoratet for naturforvalting, informasjon om Femundsmarka nasjonalpark. Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.
- PDF-kart Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.
- DNT-turplanleggar[daud lenkje]