Fastkjevefisk
Utsjånad
Fastkjevefisk | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Strålefinnefiskar Actinopterygii |
Orden: | Fastkjevefisk Tetraodontiformes L.S.Berg, 1940 |
Fastkjevefisk er ein orden beinfisk som omfattar omkring 360 artar i tropisk og temperert vatn. Dei fleste heldt til ved korallrev, men somme artar finst òg i elveos eller lever pelagisk. Gruppa er evolusjonært sett relativt gamal, om lag 40 millionar år, og har ingen nære slektningar i dag.
I Noreg er èin art registrert, månefisk.
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Fastkjevefisk er ofte særs ulike frå den vanlege fiskekroppsbygnaden. Det er stor variasjon mellom dei ulike fiskane i gruppa, men dei har til felles at dei har fått mange av knoklane i kraniet sterkt redusert eller fjerna heilt.
Gruppa manglar skjel i tradisjonell forstand, sjølv om mange artar har fått dei omdanna til piggar, plater eller skjold. Bortsett frå månefiskfamilien har dei symjeblære.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Jonsson, Bror: «Månefisk» i Norges dyr - fiskene 2, Cappelen 1992
- FishBase
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) fastkjevefisk hos Artsdatabanken
- (en) fastkjevefisk – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) fastkjevefisk i Encyclopedia of Life
- (en) fastkjevefisk i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) fastkjevefisk hos Dyntaxa
- (en) fastkjevefisk hos Fossilworks
- (en) fastkjevefisk hos ITIS
- (en) fastkjevefisk hos NCBI
- (en) Kategori:Tetraodontiformes – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Tetraodontiformes – detaljert informasjon på Wikispecies