Fairbanks
Fairbanks er ein by i den amerikanske delstaten Alaska med 31 535 innbyggarar (2010). Dette gjer han til den nest mest folkerike byen i Alaska etter Anchorage. Han er den største byen i den indre delen av delstaten og ligg på begge sider av elva Chena River.
I Fairbanks finst armébasen Fort Wainwright og flybasen Eielson Air Force Base, som vart bygde under den andre verdskrigen.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Byen ligg på på 64,5° nordlege breiddegrad (omtrent same breiddegrad som Namsos i Trøndelag). Mørketida om vinteren i Fairbanks er altså omtrent like lang som i Namsos.
Fairbanks har eit subarktisk innlandklima med store temperaturvariasjonar. Høgsommarane er korte og temperaturmessig særs like høgsommarane i Oslo. Vintrane er likevel mykje kaldare enn i Oslo, med temperaturar som ofte går under -25 grader celsius, som gjer Fairbanks til USAs kaldaste by.[1]
Transport
[endre | endre wikiteksten]- Fairbanks International Airport
- Alaska Railroad
- George Park sin Highway
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fairbanks» frå Wikipedia på svensk, den 27. januar 2020.