Hopp til innhald

Fachhochschule Münster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fachhochshule Münster er ein utdanningsinstitusjon i Westfalen i Tyskland. Med 8 846 studentar (studieåret 2004/2005) er han den fjerde største faghøgskulen i Tyskland, og tilbyr utdanning i 15 fagområde innan teknologi, sosial- og omsorgsfag og design.

Mellom anna utdannar denne skulen kunsthandverkarar, og særleg på 60- og 70-talet hadde institusjonen mange kunstfagstudentar frå Noreg. Dåverande rektor, Fritz Reese var noregsven, og med sine mange kontakter i Noreg, særleg ved kunsthandverkskulane, gjorde han kunststudiet på høgskulenivå i Tyskland populært. Nordmenn med utdanning frå Fachhochshule Münster arbeider hovudsakleg som biletkunstnarar, som lektorar i forming eller i reklamebransjen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]