Hopp til innhald

FA-cupfinalen i fotball 2004

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lagoppstillingane i finalen, Manchester United i raudt

FA-cupfinalen i fotball 2004 fann stad på Millenium stadion i Cardiff 22. mai 2004, med 71 350 tilskodarar på tribunane. Manchester United sikra seg pokalen etter å ha vunne med 3-0 over London-laget Millwall FC.

Manchester United tok leiinga ved Cristiano Ronaldo i det 44. minutt. I den andre omgangen auka Ruud van Nistelrooij til 2-0 på eit straffespark i det 65. minutt, same mann fastsette sluttresultatet til 3-0 i det 81. minutt.

Manchester United stilte med: Tim Howard, Gary Neville, Wes Brown, Mikaël Silvestre, John O’Shea, Darren Fletcher, Roy Keane, Paul Scholes, Cristiano Ronaldo, Ruud van Nistelrooij og Ryan Giggs. Sju minuttar før kampen var over, vart Howard, Fletcher og Cristiano Ronaldo tekne av bana, inn kom målvakta Roy Carroll, Nicky Butt og Ole Gunnar Solskjær.

Dommaren heitte Jeff Winter.