Hopp til innhald

Euridice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Euridice
Opera av Jacopo Peri
SjangerOpera
PeriodeBarokken
Komponert1600
Urframføring6. oktober 1600
Typisk lengd103:21
Prolog
Jacopo Peri, i kostyme for framføringa av den første operaen, Dafne.

Euridice (òg Erudice eller Eurydice) er ein opera av Jacopo Peri, med noko musikk av Giulio Caccini. Han vart først framført i Firenze den 6. oktober 1600 med libretto skriven av Ottavio Rinuccini, basert på Ovid sitt Metamorfoser.

Operaen vart skriven for bryllaupet til Henrik IV og Maria de Medici. Dette vert av somme rekna for å vere den andre moderne operaen som vart skriven og den tidlegaste operaen som har overlevd fram til i dag. Den første, Dafne, òg av Peri, vart skriven i 1597.

Operaen vart først framført i Palazzo Pitti. Peri sjølv song hovudrolla og mange av dei andre rollene vart spelte av medlemmer i følgjet til Caccini, inkludert dottera Francesca Caccini. Caccini skreiv faktisk ein heil opera kalla Euridice til same libretto og fekk han publisert før Peri sin. Caccini sin opera vart derimot ikkje framført før 1602 og vart aldri framført på ny, truleg fordi Peri si utgåve vart særs populær.

Euridice inneheld nokre av dei første døma på resitativ. Peri set varsamt tempoet i stemma og akkompagnementet for å legge vekt på spaning og frigjering i teksten. Rytmane og melodiske vendingar i vokallinja imiterer tale. I tillegg er lidenskaplege utrop sett med uførebudde dissonansar og uventa bassrørsler.

Rolle Røyst
La Tragedia sopran
Euridice sopran
Orfeo tenor
Aminta, ein gjetar tenor
Arcetro, ein gjetar kontraalt
Tirsi, ein gjetar tenor
Caronte bass
Dafne sopran
Plutone bass
Proserpina sopran
Radamanto tenor
Venere sopran
Nymfer og gjetarar, skuggar og guddommar frå dødsriket

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Libretto på Karadar.com