Estisk litteratur
Estisk litteratur er folkedikting og kunstdikting frå Estland. Medan folkediktinga har lange røter, er det meste av kunstdiktinga frå 1800-talet og seinare. Den estiske litteraturen har fyrst i den siste tida vorte omsett til norsk. Særleg Turid Farbregd har gjort ein stor innsats for å formidle denne litteraturen i norsk språkdrakt. Det er berre om lag éin million estisktalande, så språket er eit lite språk.
Estisk folkedikting
[endre | endre wikiteksten]Det finst folkedikting frå Estland som strekkjer seg tilbake til 500 f.Kr. Perioden 800–1200 hadde også mykje eldre folkedikting. På 1700–1800-talet oppstod det ei nyare folkedikting. Då skjedde det også ei nasjonal oppvakning i landet. Denne førte til eit innsamlingsarbeid som framleis er i gang. På grunnlag av folkelege dikt og prosaforteljingar skapte legen Friedrich Reinhold Kreutzwald (1803–1882) Kalevipoeg. Dette verket har fått status som nasjonalepos. Det innleidde nasjonalromantikken i Estland.
Estisk kunstdikting før 1917
[endre | endre wikiteksten]Tysk litteratur påverka estisk kunstdikting i lang tid. Mellom dei tidlegaste estiske diktarane finn vi lyrikaren Kristjan Jaak Peterson (1801–22). Han døydde svært ung og etterlét seg ikkje mykje, men dei patriotiske og filosofiske dikta hans nyttar seg av motiv og formgrep frå folkediktinga. Andre forfattarar med nasjonalromantisk tone er Johann Voldemar Jannsen (1819–90) og Carl Robert Jakobson (1841–82). Dei sameinte journalistisk og skjønnlitterær verksemd. Anna Haava (1864–1957) var den mest avhaldne lyrikaren i si tid.
Mot slutten av 1800-talet prega Eduard Vilde estisk litteratur. Han skreiv realistisk og med utgangspunkt i samfunnstilhøva på 1800-talet og var ein dyktig forteljar. Men frå 1880 var det ikkje lov å bruke estisk språk i administrasjon og undervisning i landet.
Under revolusjonen i 1905 vart estisk igjen eit lovleg språk, og det vart danna ei forfattargruppe som kalla seg «Noor-Eesti» ('Det unge Estland'). Ho var samansett av mellom andre lyrikaren Gustav Suits og Friedebert Tuglas, som skreiv noveller og utvikla ein moderne estisk prosastil. Då den nye bygningen til Vanemuine-teateret vart opna i Tartu i 1906, vart det til inspirasjon for dramatikaren August Kitzberg (1856–1927), som innførte psykologisk drama som sjanger i Estland; best kjend er Varulven (1912). Oskar Luts (1897–1953) er kjend for dei fargerike skuleskildringane sine i Vår (1912–13).
Sjølvstendetida 1917–1940
[endre | endre wikiteksten]I denne perioden fekk estisk litteratur ein sterk vekst. Nokre av forfattarane som verka i denne perioden er Anton Hansen Tammsaare (1878–1940), Karl August Hindrey (1875–1947) og lyrikaren Marie Under (1883–1980). Ein annan lyrikar var Ants Oras, som redigerte antologien Arbujad (Sannsigerne) frå 1938. Tammsaare skreiv romanen Sannhet og rett i fem bind frå 1926 til 1933, og denne vert vurdert som eit høgdepunkt i estisk prosakunst.
Under sovjetisk okkupasjon
[endre | endre wikiteksten]I 1940 vart Estland okkupert av Sovjetunionen og frå 1941 til 1944 av Tyskland. I denne tida flykta mange forfattarar. Nokre kom til Sverige. Lyrikaren Bernard Kangro var sjef for eit estisk forlag i Lund med mange utgjevingar. Det var også eit estisk forlag i Toronto i Canada. Fyrst mot slutten av 1950-åra kom det til ei fornying av litteraturen inne i landet. Denne var det Ain Kaalep (1926– ), Ellen Niit (1928– ) og Jaan Kross (1920–2007) som stod for.
På 1960-talet fekk Uku Masing (1909–1985) ei sentral rolle. Delar av den litterære produksjonen til Arthur Alliksaar kom ut posthumt. Betti Alver var ein annan viktig poet. Andre kvinner som skreiv lyrikk var Lilli Promet (1922–2007) og Aimée Beekman (1933– ). Viivi Luik (1946– ) sin roman Den sjuande fredsvåren vekte sensasjon i 1985 (omsett til norsk i 1988) med omtale av emne frå estisk historie under Stalin.
Eit sjølvstendig Estland
[endre | endre wikiteksten]Etter 50 år som sovjetrepublikk vart Estland sjølvstendig i 1991. I åra etter lausrivinga frå Sovjetunionen har fleire forfattarar vorte omsette til norsk. Det gjeld mellom andre Andrus Kivirähk (1970– ), Emil Tode (1962– ), Mati Unt (1944– ), Jaan Kaplinski (1941– ) og Sofi Oksanen (1977– ).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Agder leser baltisk – Et møte med den baltiske litteraturen 2009, utgjeve av Foreningen Norden, Agder distrikt.
- Turid Farbregd: «Estland – litteratur» på snl.no