Erling Bjørn
Erling Bjørn | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. januar 1931 Alvdal |
Død | 29. mai 2015 (84 år) Alvdal |
Idrett | langrenn, skiskyting |
Erling Bjørn (17. januar 1931–29. mai 2015) var ein norsk langrennsløpar frå Alvdal. Han vart noregsmeister på femmila i 1956 og vann i alt fire NM-medaljar i tida mellom 1955 og 1959, alle på 50-kilometeren.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Bjørn gjekk i 1955 inn til sølvmedalje på femmila, slått av Martin Stokken med over tre minuttar, sjølv hadde Bjørn over ni minuttar betre tid enn tredjemann. Året etter, i sin beste sesong, vart han norsk meister på femmila. Han gjekk mål på tida 3.22.13 og var over tre-og-eit-halvt minutt føre sølvmannen Sverre Stensheim. Bjørn gjekk også sitt beste løp i Holmenkollen i same OL-sesongen, og vart nummer tre, vel eitt minutt bakom Hallgeir Brenden på andreplass, men over seks minutt bakom vinnaren Arvo Viitanen frå Finland. Sidan vann Bjørn ein bronsemedalje på NM-femmila i 1957, nøyaktig minuttet bak vinnaren Kristen Kvello. I 1959 avslutta Bjørn si tid som aktiv på nasjonalt toppnivå med eit NM-sølv på 50 km, i kring to-og-eit-halvt minutt bak noregsmeisteren Oddmund Jensen.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Ski-NM 1954: Nr 5 på 30 km på Kongsvinger
- Ski-NM 1955: Sølvmedalje på 50 km i Trysil
- Ski-NM 1956: Gullmedalje på 50 km på Raufoss
- Ski-NM 1957: Bronsemedalje på 50 km på Rena
- Ski-NM 1958: Nr 7 på 30 km i Oslo
- Ski-NM 1959: Sølvmedalje på 50 km i Porsgrunn
Besteplasseringar i Holmenkollrenna
[endre | endre wikiteksten]- 1954: Nr 7 på 50 km i Holmenkollen
- 1955: Nr 9 på 50 km i Holmenkollen
- 1956: Nr 3 på 50 km i Holmenkollen
- 1959: Nr 8 på 50 km i Holmenkollen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- P.Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. 1957.
- Sportsrevy, aktuelle årgangar.