Engebret Olsen Moe
Engebret Olsen Moe | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. juli 1780 Norderhov |
Død |
9. mai 1849 (68 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Engebret Olsen Moe (22. juli 1780–9. mai 1849) var ein norsk gardbrukar, ordførar i Hole kommune og stortingsrepresentant. Han var far til folkloristen Jørgen Moe.
Moe var fødd og oppvaksen garden Vaker i Norderhov. I 1805 gifta han seg til garden Mo i Hole, overtok seinare garden etter svigerfar sin. Han inntok ei leiarrolle i bygdesamfunnet, vart i seinare år ofte omtala som 'Far Moe'. Han oppretta i krigsåra 1807-14 eit bygdemagasin, var med på den omfattande utskiftinga av Krokskogen, og hadde ei rekke kommunale verv, var også 1848-49 ordførar i Hole.
Moe var stortingsrepresentant frå Buskerud 1815-16, 1830, 1833 og 1839. I 1815-16 var han medlem av tre komitear, ein av dei var militærkomiteen. I 1830 medlem av valkomiteen, justiskomiteen og matrikkellovkomiteen. Både i 1833 og 1839 var han medlem av Lagtinget og justiskomiteen.
Han døydde på Mo i 1849.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Engebret Olsen Moe NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv