Empires av Alicja Szemplińska
«Empires» Song av Alicja Szemplińska | ||
Land | Polen | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 23. februar 2020 | |
Sjanger | Popballade | |
Lengd | 03:06 | |
Selskap | Universal Music Polska | |
Låtskrivar(ar) | Patryk Kumór, Dominic Buczkowski-Wojtaszek, Laurell Barker, Frazer Mac |
---|
«Empires» (norsk 'imperium') er ein popballade frå 2020 med den polske artisten Alicja Szemplińska. Songen vann den polske musikktevlinga Szansa na sukces sundag 23. februar 2020 og vart det polske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2]
Om songen
[endre | endre wikiteksten]«Empires» er komponert av Patryk Kumór, Dominic Buczkowski-Wojtaszek, Frazer Mac og Laurell Barker. Han var originalsongen som Szemplińska deltok med under finalen av Szansa na sukces på tv-kanalen TVP2 sundag 23. februar 2020. I avrøystinga var «Empires» favoritten hos juryen og sjåarane, og han vann tevlinga samanlagt.[3][4]
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]Som vinnar av den polske finalen skulle «Empires» ha vore det polske bidraget i Eurovision Song Contest 2020. I januar 2020 vart Polen trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen var planlagd arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland torsdag 14. mai.[5] Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[6] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ryan, Tom (23. februar 2020). «Alicja Szemplińska will represent Poland in Rotterdam!». Henta 24. februar 2020.
- ↑ Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
- ↑ «Eurowizja 2020: Alicja Szemplińska reprezentantką Polski z piosenką "Empires" [WIDEO]». Radio ZET. 23. februar 2020. Henta 24. februar 2020.
- ↑ «Poland goes with Alicja Szemplińska for Eurovision 2020». eurovision.tv. 23. februar 2020. Henta 24. februar 2020.
- ↑ «Second Semi-Final of Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 21. februar 2020.
- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Empires (Alicja Szemplińska-sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 16. desember 2021.