Elon Musk
Elon Musk | |
Fødenamn | Elon Reeve Musk |
Nasjonalitet | Sør-Afrika (1971–) Canada (1989–) USA (2002–) |
Statsborgarskap | Sør-Afrika, Canada, USA |
Fødd | 28. juni 1971 (53 år) Pretoria |
Yrke | Oppfinnar, programmerar, ingeniør, gründer og investor |
Språk | engelsk |
Formue | 270 100 000 000 US-dollar |
Medlem av | The Planetary Society, Royal Society, PayPal Mafia |
Religion | agnostisisme |
Far | Errol Musk |
Mor | Maye Musk |
Ektefelle | Talulah Riley |
Partnar | Amber Heard, Grimes, Shivon Zilis |
Elon Musk på Commons |
Elon Reeve Musk (fødd 28. juni 1971) er ein sørafrikansk-amerikansk gründer og forretningsmann. Han vaks opp i Pretoria i Sør-Afrika, og har seinare vorte statsborgar i Canada og USA. Musk er hovudsakleg kjend som grunnleggjaren av SpaceX og Hyperloop, han var tidleg investor og direktør i Tesla, og var medgrunnleggjar i nettbanken X.com, som seinare vart slege saman med Confinity som grunnla PayPal. Han var òg den største eigaren og styremedlem i SolarCity, som vart kjøpt opp av Tesla i 2016 I 2017 oppretta Musk The Boring Company for å byggja tunnelar under Los Angeles.[1][2] I 2022 kjøpte Musk Twitter for 44 milliardar dollar.[3]
Musk har teke del i ONS i 2014 og i 2022 der han mellom anna tala om energiutvikling.[4][5] I 2017 var Musk ein av fire næringslivsleiarar som vart tildelte Oslo Business for Peace Award.[6]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Elon Musk vaks opp i Sør-Afrika (Pretoria og Johannesburg), der faren var ein gåverik ingeniør.[7] Han hadde ein vanskeleg oppvekst hjå faren etter at foreldra vart skilde. Han har vore open om at han har aspergersyndrom.[8] Han vart mobba på skulen til han var omkring 15 år gamal og hadde vakse seg stor nok til å slå tilbake.[7]
Mora til Elon, Maye Musk (fødd Haldman), vart fødd i 1948 i Canada, og flytta med familien til Sør-Afrika då ho var barn. Ho deltok i Miss South Africa, der ho nådde nesten til topps. Ho arbeidde seinare som fotomodell.[9][10]
Han emigrerte åleine til Canada då han var 17 år gamal for å unngå militærteneste i apartheidstaten.[7] Dei fyrste åra i Canada budde han hjå slektningane til mora medan han overlevde på 1 dollar om dagen. Han var to år ved Queen's University i Ontario og deretter fullførte han ein bachelorgrad i fysikk og økonomi ved University of Pennsylvania.[11] Han fekk kanadisk statsborgarskap gjennom mora, som hadde halde på statsborgarskapet sitt.[12][13] Musk fór vidare til USA i 20-åra får å studera vidare, der fekk han sitt amerikanske statsborgarskap i 2002.[14]
I 2004 møtte Elon Musk ingeniøren Martin Eberhard, der dei saman planla å bruka 25 millionar dollar til å utvikla ein elektrisk sportsbil, Tesla Roadster, innan to år og ha fleire hundretusen bilar på vegen innan 2009. Dei brukte i staden fire år og 140 millionar dollar.[11]
Han skal ha vore inspirasjonen til hovudpersonen i filmen Iron Man 2.[15] Musk har hatt ei lita «cameo»-rolle i Iron Man 2.[16] og ein gjesteopptreden i fjernsynsserien Big Bang Theory.[17]
Forretningsverksemd
[endre | endre wikiteksten]Som 24-åring byrja Musk på doktorgraden sin ved Stanford for å revolusjonera batteriteknologien, men droppa ut etter berre to dagar for å driva forretning på internett. Han byrja med katalogtenesta Zip2 og banktenesta X.net, som sameina vart til PayPal.[7] Saman med broren Kimbal selde han Zip2 til Compaq for 307 millionar dollar i 1999.[18] Ifylgje The New Yorker var nettofortenesta på salet av Zip2 22 millionar dollar, medan PayPal vart selt til eBay for 160 millionar dollar i 2002.[11]
I september 2018 saksøkte det statlege amerikanske organet Securities and Exchange Commission (SEC) Elon Musk på grunn av ein tweet han hadde distribuert. I Musk sin tweet vart det tolka som at han hadde sikra finansiering for å potensielt taka Tesla privat.[19] Ifylgje søksmålet hadde Musk hatt diskusjonar med utanlandske investorar i juli 2018 som aldri stadfesta viktige semje-vilkår. SEC karakteriserte difor tweeten hans som falsk, villeiande og skadeleg for investorar i Tesla, og dei freista dermed å hindra Musk frå å fungera som administrerande direktør i børsnoterte selskap.
Musk påstod at alle tiltalane frå SEC var range, og meinte at han aldri hadde gjeve etter for sin eigen integritet.[20] Det ende med at Musk og Tesla vart bøtelagt 20 millionar dollar på grunn av Musk sine handlingar. Musk vart også tvinga til å trekkja seg i tre år som formann ved Tesla, men kunne verta sitjande som administrerande direktør.[21]
Etter ein auke i verdsetjinga av Tesla, melde CNBC i januar 2021 at Elon Musk var den rikaste personen i verda, med ein nettoformue på over 185 milliardar dollar.[22] Per 2022 hadde han ein nettoformue på 200 milliardar dollar.[5]
Elon Musk vart kritisert for fleire offentlege utsegner og framferd under koronapandemien.[23] Det vart påstått at han spreidde feilinformasjon om viruset, der han mellom anna hevda at statistikken over tal døde i USA var manipulert.[24] I byrjinga av pandemien påstod Musk at barn «praktisk talt var immun» mot korona-viruset.[25] Musk kritiserte fleire gongar koronanedstengingane i USA, og han braut lokale ordrar ved å gjenopna Tesla-fabrikken.[26][27]
Den 27. oktober 2022 kjøpte Musk Twitter for 44 milliardar dollar for å «verna demokratiet og ytringsfridomen».[28][3] Han gjorde seg sjølv til sjef for Twitter og sparka halvparten av alle tilsette i selskapet kort etter, i tillegg uttala han seg overfor dei resterande tilsette om å kjaga eller å slutta i selskapet.[29] Musk styrte Twitter mellom anna igjennom avstemmingar, der twitterbrukarane sjølv var med på å avgjera utfallet i ulike saker, til dømes vart dette gjort for å opna kontoen til Donald Trump som hadde vorte stengd etter oppfordringar til storminga av kongressen og spreiing av konspirasjonsteoriar. Styringa til Musk vart sett på som kontroversiell. Den 18. desember 2022 la han ut ein tweet der han spurde brukarane om han burde gå av som sjef i Twitter, der 57,5 % av dei som svara tok til orde for at han burde gå av som sjef.[30][31]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Chafkin, Max (26. februar 2017). «Elon Musk gravde opp parkeringsplassen til SpaceX på impuls. Det skal bli starten på et helt nytt trafikksystem for LA». Bloomberg (på norsk). Teknisk Ukeblad. Henta 26. februar 2017.
- ↑ Chafkin, Max (16. februar 2017). «Elon Musk Is Really Boring» (på engelsk). Bloomberg. Henta 17. februar 2017.
- ↑ 3,0 3,1 Clayton, J. & Hoskins, P., «Elon Musk takes control of Twitter in $44bn deal», www.bbc.com (på engelsk), henta 31. august 2022
- ↑ Redaksjon (28. november 2014), «Elon Musk, CEO of Tesla at ONS 2014», Energi24.no (på norsk bokmål), henta 31. august 2022
- ↑ 5,0 5,1 «Elon Musk på ONS: – Støre har helt rett», e24.no (på norsk bokmål), henta 31. august 2022
- ↑ «Past Honourees» (på engelsk). Henta 1. april 2020.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 «Hva er det egentlig med Elon Musk?». NRK (på norsk bokmål). 7. februar 2018.
- ↑ «Elon Musk reveals he has Asperger's on Saturday Night Live». BBC News (på engelsk). 9. mai 2021.
- ↑ Holson, Laura M. (30. april 2016). «At 68, Maye Musk, the Mother of Elon, Is Reclaiming the Spotlight». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331.
- ↑ Blasberg, Derek (14. mars 2017). «Maye Musk: Mother of Elon, Model of the Moment». Vanities (på engelsk).
- ↑ 11,0 11,1 11,2 Friend, Tad (17. august 2009). «Plugged In». The New Yorker (på engelsk). ISSN 0028-792X.
- ↑ «Transcript of Elon Musk Interview: Iron Man, Growing up in South Africa | Fresh Dialogues» (på engelsk). 7. februar 2013. Henta 7. februar 2018.
- ↑ Davis, Johnny (3. august 2007). «One more giant leap» (på engelsk). ISSN 0307-1235.
- ↑ «Migrant success stories in the US». BBC News (på engelsk). 12. januar 2018.
- ↑ Sorkin, Andrew Ross (2018). «Tesla’s Elon Musk May Have Boldest Pay Plan in Corporate History». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331.
- ↑ «Elon Musk». Henta 7. januar 2021.
- ↑ Upadhyaya, Ruchinka (26. november 2017). «From Charlie Sheen to Elon Musk: Famous Big Bang Theory guest stars you may have forgotten about». International Business Times UK (på engelsk).
- ↑ Severson, Kim (16. oktober 2017). «Kimbal Musk Wants to Feed America, Silicon Valley-Style». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331.
- ↑ «Tesla Chief Elon Musk Is Sued by S.E.C. in Move That Could Oust Him». The New York Times. Arkivert frå originalen 23. juni 2020.
- ↑ «Factbox - 'Funding secured': SEC gives timeline surrounding tweet from Tesla's Musk (Arkivert kopi)». Reuters. 28. september 2018. Arkivert frå originalen 23. november 2019. Henta 25. mars 2022.
- ↑ «Elon Musk forced to step down as chairman of Tesla, remains CEO (Arkivert kopi)». The Verge. 29. september 2018. Arkivert frå originalen 27. mai 2020. Henta 25. mars 2022.
- ↑ Frank, Robert (7. januar 2021). «Elon Musk is now the richest person in the world, passing Jeff Bezos» (på engelsk). Henta 7. januar 2021.
- ↑ Koren, Marina (20. mai 2020). «The Cult of Elon Is Cracking» (på engelsk). Henta 25. mars 2022.
- ↑ «Elon Musk claims he tested positive and negative for coronavirus on the same day» (på engelsk). 13. november 2020. Henta 25. mars 2022.
- ↑ «Coronavirus: Elon Musk 'child immunity' tweet will stay online». BBC News (på engelsk). 20. mars 2020.
- ↑ «Elon Musk mobilizes tech elites behind reopening society». Washington Post (på engelsk). 30. april 2020. ISSN 0190-8286.
- ↑ «Elon Musk forced to watch historic SpaceX launch from home and mocked as ‘Space Karen’ after catching Covid» (på engelsk). 16. november 2020. Henta 25. mars 2022.
- ↑ Mitrovica, Andrew, «Why is Elon Musk buying Twitter?», www.aljazeera.com (på engelsk), henta 31. august 2022
- ↑ «Musk gir Twitter-ansatte et ultimatum: Jobb «hardcore» eller slutt», e24.no (på norsk bokmål), henta 20. desember 2022
- ↑ «Elon Musk fikk svar fra Twitter-brukerne - flertallet vil han skal gå av som sjef», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 20. desember 2022
- ↑ Waaler, Ingrid Emilie (19. desember 2022), «Elon Musk spør Twitter om han bør slutte som sjef», NRK (på norsk bokmål), henta 20. desember 2022
- Denne artikkelen bygger på «Elon Musk» frå Wikipedia på bokmål, den 31. august 2022.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Ashlee Vance Elon Musk (biografi) Vega forlag 2016 omsett av Poul Henrik Poulsson ISBN 9788282115063