Ekstremvêret Emil
Emil var eit varsla ekstremvêr utstedt 3. januar 2012 for Vest-Agder. Varselet gjaldt sterk vind, høg vasstand og mykje nedbør.[1] Dette var det første ekstremvèret som råka Vest-Agder sidan ekstremvêret Tuva i 2008.
Vêrsituasjonen
[endre | endre wikiteksten]Stormsenteret var venta å gå like over Sørlandet på veg mot Sør-Sverige og gje først kraftig sønnavind, etterfølgd av vestleg til nordvestleg full til sterk storm på kysten, med bølgjehøgder mellom 8 og 12 meter i Skagerrak. I tillegg til den kraftige vinden var det venta mykje nedbør og høg vasstand.[2]
Verknad
[endre | endre wikiteksten]Stormsenteret gjekk noko lenger sør enn venta. Dette gjorde at Vest-Agder derfor slapp unna den sterkaste vinden, og vêret vart ikkje så ekstremt så det var varsla.[1] Det vart målt full storm frå Torunden til Røvær utafor Haugesund i Rogaland. Den kraftigaste vinden vart målt på Eigerøya, som fekk 28,2 m/s (full storm) med vindkast opp i 35,5 m/s.
Det vart ikkje berre Noreg som vart råka av uvêret. I Storbritannia vart det målt vindkast på over 160 kilometer i timen (44 m/s) og svært mykje nedbør. To personar omkom i samband med uvêret der.[1] I Danmark velta eit stillas og stormen vart den kraftigaste som var målt der på 7 år.[1] I Sverige mista over 25 000 menneske straumen etter uvêret, og hustak vart riven av.[1][3]
Vindmålingar
[endre | endre wikiteksten]Stasjon | Sterkast middelvind (m/s) | Sterkaste vindkast (m/s) |
---|---|---|
Eigerøya | 28,2 | 35,5 |
Lindesnes fyr | 26,6 | 32,9 |
Blåsjø | 25,5 | 31,1 |
Lista fyr | 25,2 | 32,0 |
Obrestad fyr | 24,2 | 31,9 |
Utsira fyr | 23,8 | 32,8 |
Torungen | 23,7 | 29,5 |
Midtlæger | 23,1 | 30,0 |
Røvær | 22,8 | 29,0 |
Oksøy fyr | 21,9 | 28,4 |
Kvitsøy-Nordbø | 21,6 | 27,6 |
Sola lufthamn | 20,1 | 27,3 |
Haugesund lufthamn | 18,7 | 25,7 |
Kjevik | 18,4 | 25,5 |
Særheim | 16,2 | 27,9 |
Landvik | 14,7 | 23,8 |
Byglandsfjord-Neset | 14,7 | 21,3 |
Fister-Sigmundstad | 12,4 | 25,7 |
Eik-Hove | 11,7 | 25,1 |
Liarvatn | 10,5 | 22,1 |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Slik ble ekstremværet «Emil»». yr.no. 4. januar 2012. Henta 14. februar 2015.
- ↑ ««Emil» nærmer seg med stormskritt». yr.no. 3. januar 2012. Henta 14. februar 2015.
- ↑ «Stormen har nått Sverige» (på svensk). Aftonbladet. 3. januar 2012. Henta 14. februar 2015.