Duk
Utsjånad
Duk er eit stykke tøy eller liknande ein kan bruka til dekke, særleg på eit bord (bordduk). Dukar kan vera til pynt eller vern av flata dei ligg på. Dei kan ha mange ulike storleikar og utformingar, som firkanta eller runde, små som ein løpar eller store nok til å dekka heile bordet og henga ned på sidene av det. Mange dukar er fint utforma, anten ved å vera laga av eit dekorativt stoff som damask eller ved påført pynt som broderi.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Borddug» frå Wikipedia på dansk, den 29. desember 2019.