Hopp til innhald

Drikkevatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drikkevatn frå flaske.

Drikkevatn er vatn som skal drikkast eller brukast i matlaging. Det kan vera grunnvatn eller overflatevatn.

Drikkevasskjelder kan vera ureina med bakteriar, parasittar eller kjemikaliar. Før vatnet kjem ut til husstandane vert det filtrert og desinfisert. Ofte vert kloring, ozon eller UV-filter brukt til desinfisering. pH-verdien kan justerast. Drikkevatn vert òg seld på flasker.

I delar av verda er det mangel på reint drikkevatn. Forureining kan koma frå industri, jordbruk eller hushald.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]