Hopp til innhald

Donald Thomas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Donald Thomas


Statsborgarskap Bahamas
Fødd 1. juli 1984 (40 år)
Freeport
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Samveldeleikane 2018, Samveldeleikane 2006, Samveldeleikane 2010, Panamerikanske leker 2015, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Høydehopp menn, VM i friidrett innendørs 2022 – Høydehopp menn

Donald Thomas (fødd 1. juli 1984) er ein bahamansk friidrettsutøvar frå Freeport i Bahamas som i 2007 vart verdsmeister i høgdehopp. Seinare vann han høgdetevlinga i samveldeleikane 2010 og dei panamerikanske leikane 2011.

Thomas vann høgdehopptevlinga under verdsmeisterskapen 2007 i Osaka ved å verte den einaste av fem utøvarar som klarte 2,35 meter i sit fyrste forsøk. Russaren Jaroslav Rybakov og grekaren Kyriakos Ioannou gjekk over same høgda i andre forsøk, men ingen av dei tre makta gå over 2,37 m og dermed fekk Thomas gullmedaljen.

Thomas sette sin personlege rekord på 2,37 meter ved eit stemne i Székesfehérvár i Ungarn den 18. juli 2016.

Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.