Domestisering
Domestisering (lat. domesticus, 'som gjeld huset') eller temjing viser til overgangen for ville dyr og plantar til å bli husdyr og kulturplantar. Menneske har domestisert ulike artar sidan steinalderen, og prøver stadig å domestisera nye.
Ofte vil både mennesket og den domestiserte arten ha utbytta av prosessen. Mennesket bruker arten til nytte, hygge eller pynt, medan arten får hjelp til å overleva og spreia genene sine. Artar som har vore domestiserte i fleire generasjonar går gjennom eit selektivt utval, ei form for evolusjon, som gjer dei ulike ville artsfrendar, til dømes når det gjeld oppførsel, formeiring, vekst og utsjånad. Samstundes er det mogleg at naturleg utval har bidrege til å gjera nokre medlemmer av ein art lettare å domestisera.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Art | Årstall | Stad |
Hund | 13000 f.Kr. | Asia |
Sau | 8000 f.Kr. | Midtausten [1] |
Geit | 8000 f.Kr. | Midtausten [1] |
Kveg | 8000 f.Kr. | Midtausten [1] |
Gris | 7000 f.Kr. | Asia og Europa [2] |
Katt | 4000 f.Kr.-8000 f.Kr. | Vesleasia-Midtausten-Nord-Afrika[3] |
Alpakka | 4000 f.Kr. | Peru [4] |
Lama | 4000 f.Kr. | Peru [4] |
Hest | 4000 f.Kr. | Ukraina [5] |
Esel | 4000 f.Kr. | Egypt |
Vassbøffel | 4000 f.Kr. | Kina |
Honningbie | 4000 f.Kr. | Sørasia |
Høns | 4000 f.Kr. | Thailand [6] |
Silkeorm | 2500 f.Kr. | Kina [7] |
Baktriakamel | 2500 f.Kr. | Sentralasia |
Dromedar | 2500 f.Kr. | Arabia |
Marsvin | 1500 f.Kr. | Peru [8] |
Kalkun | 100-talet | Mexico |
Kanin | 1500-talet | Europa |
Raudrev | 1800-talet | Europa |
Mink | 1800-talet | Europa |
Hjort | 1970-talet | New Zealand |
Hunden var truleg den første dyrearten som blei domestisert, og spreidde seg til nesten alle menneskesamfunn. Ein reknar med at tamhunden skilde lag frå ulven for minst 15 000 år sidan, kanskje mange tusen år før. Ein ser for seg at han kan ha blitt domestisert gjennom at ulvevalpar blei oppfostra av menneske og dermed sosialiserte, eller ved at flokkar av ulvar blei gradvis meir vane til menneske og tok til å halda seg nær dei for å få matrestar. Dei kan deretter ha blitt nærare knytte til menneske ved å delta i jakt, som vakthund, trekkhund, kanskje også som kjøt- og pelsprodusent.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Domestisering» frå Wikipedia på bokmål, og «Domestication» frå Wikipedia på engelsk den 28. januar 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- John Pickrell. (2004). Oldest Known Pet Cat? 9,500-Year-Old Burial Found on Cyprus. National Geographic News, online. Besøkt 28. juni 2009
- Carlos A. Driscoll, Juliet Clutton-Brock, Andrew C. Kitchener og Stephen J. O'Brien. (2009). The Evolution of House Cats. Scientific American (online). Besøkt 28. juni 2009
- Giuffra E, Kijas JM, Amarger V, Carlborg O, Jeon JT, Andersson L. The origin of the domestic pig: independent domestication and subsequent introgression. Lagt til 2. okt. 2007
- Troy CS, MacHugh DE, Bailey JF, Magee DA, Loftus RT, Cunningham P, Chamberlain AT, Sykes BC, Bradley DG, 2001. Genetic evidence for Near-Eastern origins of European cattle. Nature. 410:1088-1091.
- Fotnotar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Why study domestication?Denne biologiartikkelen som har med landbruk og samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.